Frå innsida
Ein fornærma umarell
I Bologna er dei stolte av gamlingane som ser til at bygningsarbeidarane gjer jobben sin.
Her ein dag – han var som alltid uvanleg lang og tung – stod eg og hang attmed ein byggeplass. (Eg veit ikkje korfor. Truleg skulle eg ta ein kikk på kartet mens eg sjangla forbi, og så ramla eg inn i eit svart hòl fullt av Finn-annonsar og Norstat-undersøkingar.) Etter ei stund, kanskje ein time, la eg merke til ein kar som stod og glodde på bygget som blei reist, og handverkarane som reiste det. Innimellom sa han noko til dei eller seg sjølv.
Og mens eg glodde på han som glodde, ringde ein gammal venn.
– Kva driv du med? spurde han. (Dette er noko han driv med.)
– Eg ser på ein som ser på folk som jobbar på ein byggeplass.
– Ein umarell, altså, sa han.
– Wått?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.