Frå innsida

Ei perle i CV-en

VIKTIG KUNNSKAP: Ein kan ikkje berre lære, ein må ha det moro også.
Publisert

Det akademiske løpet mitt blei altså kortare enn eg hadde planlagt fordi eg fekk meg jobb. Eg fullførte journalistikk og begynte på litteraturvitskap, men slutta då eg blei tilsett i avis.

Aldri har eg sett meg tilbake, og aldri har eg blitt spurd om å forsvare den pinleg korte utdanninga mi.

Derimot har eg i jobbintervju snakka om ein kuriositet i CV-en.

Mellom journaliststudiet og litteraturstudiet tok eg nemleg eit semesterfag som berre nokre få eksklusive studentkull i dette landet kan skryte av å ha.

Austral-asiatiske kulturstudiar, heitte det.

Kva det gjekk ut på? Å lære om kultur i Asia og Australia, vel!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement