Historie

Drikke på vegen

Publisert Sist oppdatert

Når du er kroppsøvingslærar, kjem du tett på sportstrendane. I lang tid har det vore in å halde noko leskande i handa på veg til trening.

Dei vaksne har ein to-go-kopp, kanskje med ein espresso eller ein matcha-te oppi. Latten sette dei frå seg i 2010. Gutane på 16 kjem slentrande med energidrikken Monster, og dei litt yngre jentene har den pastellfarga Stanley-koppen, den som ser ut som ein enorm termokopp. Ei stund lurte eg på korleis dei små jentene kunne drikke så mykje iskaffi, kakao eller kva det var dei hadde oppi. Det viste seg at innhaldet var 1,18 liter vatn, og det unike med koppen var visst at vatnet heldt seg iskaldt heile dagen.

Meir enn innhaldet endrar koppen eller drikkeflaska seg. Då eg studerte idrett i 2009, var det om å gjere å få tak i ei Voss-vassflaske i glas som ein kunne fylle på. Ei Cola-flaske av plast med vatn i var lite aktuelt.

Fotballspelarane har gått frå grøne XL-1-flasker på 1980-talet til Isostar-flasker med gul kork på 1990-talet og no sponsa plastflasker med trykkork. Friluftslivsfolket har lenge vore fan av motivasjonsflaska – den med strekar og motiverande setningar som «hold fokus» og «dette går unna». Ein klassikar i same miljø er Nalgene. Flaskene er så tette at ein kan tisse på dei. Greitt i naudssituasjonar med ein streng forelesar, det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement