Kunngjeringar
Den fantastiske reisa
Teikning: May Linn Clement
Bjørn og Ragnhild har sikra seg gode plassar i andre etasje, heilt bak i bussen under open himmel. Enn så lenge held regnet seg borte.
Mange av venene deira nyttar seg aldri av hop on, hop off-bussane når dei er på ferie. Det er visst om å gjera å utforska alt på eiga hand.
Det litle håret Bjørn har att, flagrar i den same vinden som tvinga han til å ta av kapsen og leggja han i sekken. Bjørn er mest ikkje Bjørn utan den kapsen, men det er det berre Ragnhild som veit. Det er heller ingen andre enn ho som tenkjer på at skjegget er borte. Bjørn har alltid vore han med skjegget. Faktisk heilt til for berre nokre få veker sidan, då han fekk det føre seg og utan forvarsel gjekk inn på badet og raka av seg alt saman. Ungane sa han såg heilt idiotisk ut. Det var mest som om det ikkje kunne vera far deira.
Ingen andre på bussen aner om Bjørn har ungar, eller kva slags reise han og Ragnhild er ute på. Ei reise for å feira noko, dei kan vera nyforelska, eller gamle kjærastar, med ungar som klarer seg sjølve ein annan stad. To som berre nyt livet og håpar å unngå andre frå Noreg, og til no har dei vore heldige, ikkje eit kjent fjes å sjå nokon stad. Bjørn og Ragnhild kan vera kven dei vil.
Høyretelefonane der lydguiden forklarer og kjem med fakta, heng ikkje skikkelig fast i øyra og dett ut heile tida. Gamle bygningar skil seg frå dei nye, det er langt ned og ingen stad å sitja for folk med høgdeskrekk. Om kapsen hadde blitt teken av vinden, kunne han hamna på taket til ein av desse bygningane, eller blitt fanga av eit forbipasserande køyretøy og frakta vidare, i motsett retning. Tapt for alltid.
Kanskje har bussjåføren så godt humør at han ville stoppa og venta mens Bjørn sprang ned og ut på gata for å leita etter kapsen, men det ville vera ein sjanse å ta. Uansett, no ligg han trygt i sekken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.