Kunngjeringar

Dei veks så fort til

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Det bankar på døra. Olav trur det er posten som kjem med ein pakke, og skundar seg ut, men nei – der står Susann og William. Ho i ein grøn genser, og han i dei altfor små runde brillene. Olav seier at kona ikkje er heime, men det gjer visst ingenting. Han har ikkje anna val enn å sleppe dei inn, seier til og med at det ikkje er nødvendig å ta av skoa. William har trakka i noko graps som lagar stygge flekkar i teppet, så det angrar han på.

Begge tek plass i sofaen, dei verkar godt på lag.

– Kaffi, spør Olav.

Dei nikkar, og han går ut på kjøkenet for å hente ei kanne han nettopp har fylt opp. Olav håpar ikkje dei set seg til, han veit akkurat kva som kjem, og gruer seg til å gå inn igjen.

– Ungane veks til, seier Susann då han kjem tilbake.

Der kom det. Olav og kona har kjent Susann og William lenge, og det er alltid det same maset om ungane, og det einaste dei lurar på, er kor alle desse åra blir av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement