Innsida
Bokke
Slik ser ein Bokke ut, ifølge Chat GPT. Han er skremmande lik den verkelege drøymemannen Bokke Leander Engebø Ellingstadbråthen.
KI-generert illustrasjonsfoto
Berre å sove er eit slit. Sjølv er eg eit oppkomme av villskap som purkar. Det er rart eg ikkje er utbrend.
I natt drøymde eg til dømes at eg køyrde motorsykkel på ein ti centimeter smal sti i ei gjørmete fjellside som stupte tusen meter rett ned i havet. Det gjekk ikkje bra.
Deretter dukka Bokke opp, på ei visning av eit hus. (Huset såg ikkje ut, og det låg i gokk, men det var stort og billig, og då går ein på visning sjølv om ein ikkje har lyst.) I eit av dei mange romma – eit slags kjøkken som likna eit kjempebad – møtte eg ein ung mann i dress, og han heitte Bokke Leander Engebø Ellingstadbråthen. Han var nyutdanna IT-ingeniør og hadde tannregulering.
Då eg vakna, tenkte eg det same som du tenker no: «Det går ikkje an å heite Bokke.»
Eg sovna og vakna igjen og tenkte: «Når eg står opp, må eg sjekke om det finst nokon som heiter Bokke.»
Eg sovna og vakna og masa: «Ikkje gløym dette med Bokke!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.