Sport

Blå tunger i kiosken

Ein bekymra forelder kan faktisk bli lettare svimmel av godteriorgien som utspelar seg på luftmadrassane i klasserommet, skriv Maren Bø.

Matsalen på Norway Cup 1982. Skal tru om dei hadde vore i kiosken fyrst?
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje lett for ein trenar å passe på at alle sjuåringane svelgjer ned tacoen som blir servert under fellesmåltidet på fotballcup. Nokon likar berre mais, nokon kan ikkje ha gluten, og andre har nettopp vore ein tur i kiosken.

Kiosken, ja – som i alle fall dei siste femti åra har vore ein viktig del av idrettsarrangement. Men som dei siste tjue åra også har gjennomgått ein liten revolusjon. Kanskje starta det smått i 1997, då Noreg opna for sal av blått godteri. Pølse, vaffel og kaffi, eit par sjokoladar og små posar med chips har blitt til ultrakvadruppelprosesserte blåe slikkegreier, slim, ostepop og mystisk brus i alle variantar. 

Ein bekymra forelder kan faktisk bli lettare svimmel av godteriorgien som utspelar seg på luftmadrassane i klasserommet. Blå tenner gliser mot deg uansett kvar du snur deg, og i snitt er det ein spelar ute med mageknip i kvar kamp. Han som spydde ostepop om kvelden, reknar eg ikkje med – det kan ha vore noko anna.

På nettsida til Olympiatoppen har dei skrive om mat på idrettsarrangement. Teksten startar slik: «For at kroppen skal fungere bra og at man opprettholder en optimal prestasjon gjennom turneringen, er det viktig å ta de gode valgene når det kommer til mat og drikke i løpet av idrettsarrangementet.»

Nettopp. Då skal eg hugse å nemne det for sjuåringen til neste cup:

Kjøp ikkje blått slikkeslim – kjøp tørka frukt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement