Kunngjeringar

Bestemor i tankane

Frank Tønnesen
Publisert Sist oppdatert

Olav har sett eit bilete av bestemor frå ungdommen, ho var ei fin jente som stod med hovudet på snei og såg litt morsk ut. Folk fekk vel beskjed om å stille seg opp slik når dei skulle fotograferast.

Grusvegen bort til huset der bestemor og bestefar budde, er smal og svingete, det gjaldt å ta det med ro og halde sida. Vegen var full av hol som Vegvesenet heiv grus i når dei fekk det for seg, så blei det litt betre, men etter nokre kraftige regnbøyer såg det heilt likt ut.

Han meiner å hugse at bestemor hadde ein sykkel, så då må ho vel ha sykla litt, sjølv om Olav aldri såg det med eigne auge. Han prøver å sjå det føre seg no, at ho hiv seg på sykkelen og trillar ned bakken, ho mister nesten balansen, men får kontroll i siste liten. Fortset bortetter vegen forbi postkassane. Ikkje redd for å ramle og knekke lårhalsen, berre trør på, forsvinn rundt svingen og blir borte.

Olav hugsar den kvite Ladaen, men har ingen minne om å sitje på sjølv, berre at bilen stod i garasjen. Omtrent slik bestemor sat på kjøkenet eller i stova. Ho var alltid heime, du trong ikkje vere redd for det. Han lurer på om ho likte seg så godt heime som det kunne verke som, eller blei det berre slik, fordi ingen tok ho med seg? Det kan vere ho ikkje var interessert heller og takka nei til alle tilbod.

Då Olav kom, kvikna ho i alle fall til og fann fram dei seks halvstore terningane frå skuffa i kjøkenbenken, så spelte dei ti tusen og drakk champagnebrus. Femti poeng for femmar, hundre poeng for einar, tre einarar er tusen poeng, tre toarar er to hundre, og så vidare. Ein av kvar er femten hundre, tre par er fem hundre og alt på nytt. Du kan halde på så lenge du får noko, men det seier seg sjølv at held du på for lenge, aukar sjansen for å miste alt. Då er det neste mann sin tur, det gjeld å stoppe i tide, men du må få tusen poeng for å kome på papiret, fyrste mann til ti tusen vinn. Olav tok unødvendige sjansar, medan bestemor spelte med låg risiko. Ho var irriterande god og vann heile tida.

At bestemor slepp å fylgje med på alt han driv med no, tek Olav for gitt. Nokon fordelar må det vere med å ha vandra ut av tida. Antakeleg er det mykje ho ikkje har interesse av heller.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement