Frå innsida

Best på pest

Slik kan det sjå ut når folk dansar seg i hel: festleg.
Publisert Sist oppdatert

I det siste har eg dansa ein del. Sist laurdag, på fest hos ein nabo som fylte år, dansa eg i fire–fem timar. Ein skulle tru eg var ung, slik eg vrikka og vralta. Det var moro, heilt til ein kar stoppa meg.

– Har du dansepest? spurde han alvorleg.

– Kanskje det? sa eg.

Og så rygga han fem meter og bad alle andre gjere det same.

Det blei til at eg måtte gå. (Eg var våt av sveitte, og det var langt på natt, så det var greitt.) Men det som var litt ekkelt, var at då eg kom heim, dansa eg vidare, til eg sovna. Då eg vakna, utsliten, slo det meg at eg kanskje er sjuk – at dansepesten som herja i Strasbourg i 1518, er tilbake.

Eg las meg straks opp: Det begynte jo med eit kvinnfolk, fru Troffea. Ho begynte å danse, og fleire og fleire kom til. Dei dansa til dei hylte og fekk krampe og fall saman. Styresmaktene prøvde å kurere dei med meir dans: Dei hyra inn musikarar og bygde plattingar der folk kunne danse frå seg. Det førte sjølvsagt til at fleire blei smitta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement