Kunngjeringar
Ballongar
Teikning: May Linn Clement
Det har alltid vore mykje ballongar heime hos Lasse og Jorunn. Lasse pleidde å blåsa opp den eine etter den andre og sleppa dei laus slik at ballongane flaug av stad som små rakettar. Han brydde seg ikkje om at det var gjestar til stades, og at dei kanskje ikkje syntest det var like gøy med ballongar som han.
For mange kan det vera ubehageleg med ballongar susande rundt øyro. Og det er jo ikkje berre ein ballong heller. Det er jo lufta Lasse har fylt ballongane med, og kanskje nokre restar av det han har ete den dagen, i tillegg til litt spytt, og alt dette kjem ut att som ein liten dusj når ballongen flyg rundt i stova. Ikkje alle blei funne att, dei skjena av garde og tok andre vegar enn det Lasse såg føre seg.
Når han ikkje blåste opp ballongar og lét dei flyga av stad, sat Lasse gjerne og gnukka på ein han hadde i nevane, slik at det kom irriterande lydar som gjorde det umogleg å føra ein vanleg samtale.
Plutseleg hadde han reist seg og stod og heldt ein ballong bak ryggen nede ved rumpa, og sleppte ut luft ved å opna og stengja med fingrane.
Ein annan gjenganger var å lura seg innpå Jorunn bakfrå og slå ho i hovudet med eit par ballongar, berre på tull, ein frå kvar side. Det likte ho dårleg, og stemninga blei ikkje betre av at Lasse heldt på å le seg i hel.
– Det der må du slutta med, sa Jorunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.