Frå arkivet: Baksiderapporten
Asinus asinum fricat
Mi røynsle med å gje folk ros er utelukkande ei suksesshistorie.
Unge Cicero les. Han var ikkje nett nokon cheer-leader.
Vincenzo Foppa (1427–1515)
Det er for lite ros her i verda, og det vesle som er, er stort sett ufortent. Eg skal vera den første til å vedgå at eg er ein hund etter å få ros, og om det er fortent eller ikkje, er ikkje så nøye. Ein skulle tru at i ei verd som for tida består i om lag femti prosent samarbeid og femti prosent konkurranse, vil det å rosa kvarandre litt oftare bøta på så mangt.
I lokalavisa mi er det kvar torsdag eit intervju på sistesida, der framståande kvinner og menn frå bygda vert stilte ti-tolv faste spørsmål av typen «Kva ville du gjort dersom du var ordførar for ein dag?». Det første spørsmålet er: «Kva tid blir du flau?» Når eg blar meg tilbake gjennom dei siste ti intervjua, svarar alle utan å blunka at dei blir flaue dersom nokon gjev dei ros. At skamkjensle er den mest naturlege reaksjonen mennesket har på ros, vitnar om eit samfunn på ville vegar.
Psykolog Knut Halvdan Svendsen hevdar i artikkelen «Ros, ros, ros!» på den svært informative nettsida www.barnetmitt.no, som forresten også inneheld mykje anna interessant stoff, at ros er noko av det beste ein kan gje barnet sitt. «Det handler om å bygge opp det vi vil se mer av! Vi kaller det positiv psykologi. Bygg på det gode barnet er, kan og gjør. Nevn tre positive egenskaper ved barnet ditt inni deg! Prøv å gi tilbakemelding på disse til barnet ditt gjennom go-ord og oppmuntringer i hverdagen. (...) ros har kraft til å utkonkurrere kjefting og trass.» Eg ville i utgangspunktet trudd at det beste var å gje barnet ein skikkeleg dårleg start dei første åra av livet, slik at det kunne bli meir takksamt som ungdom og vaksen. Men ein vaskeekte psykolog må ein jo berre ta på ordet.
Mi røynsle med å gje folk ros er utelukkande ei suksesshistorie. Ein kan i praksis koma dragande med kva som helst, og objektet vil alltid bli fornøgd, sjølv om den relevante, kvalifiserte og konkrete rosen alltid har ein ekstra effekt. Folk verkar så sveltefôra på ros at kva som helst vil få dei til å lysa opp. Eg kjenner ein person som dersom nokon gjev henne litt skryt, reagerer med å gje seg ut for ikkje å ha høyrt kva som blei sagt, for dermed å oppnå å høyra dei same rosande orda to gonger. Eg har til alt hell kutta all kontakt med henne.
For å vera på den sikre sida tok eg dette med ros opp med mor mi, som i tillegg til å ha passeleg med livsrøynsle også styrer over ein liten bråte med tilsette (sjølv kallar ho seg kvinneleg toppsjef). Eg spurde henne om kva tankar ho hadde om å rosa tilsette, eit spørsmål ho først avviste fordi ho ikkje hadde noka røynsle på dette området. Då ho likevel fekk tenkt seg litt om, kom det fram at ho for nokre år sidan hadde funne opp eit svært intrikat system på arbeidsplassen sin. På kontoret sitt hadde ho plassert eit lite fat. I dette fatet låg tre skålda mandlar, som alle tre symboliserte ros. Ved starten av arbeidsdagen putta ho desse tre mandlane i lomma, og i løpet av arbeidsdagen flytta ho ein mandel over i den andre bukselomma etter å ha rosa ein av dei tilsette. Rett nok enda historia med at ho byrja å juksa med mandlane; det synte seg at ho heiv dei over i den andre bukselomma i løpet av dei siste minutta før dei tilsette gjekk heim, og eg fekk visst ikkje med meg konklusjonen fordi eg byrja å førestella meg henne stå på kjøkenet heime og skålda mandlar.
Likevel, dette såg eg på som så positivt at eg gav mor mi haugevis av ros for denne velviljen ho synte overfor sine tilsette. (Sjølv om berre tre mandlar kanskje var litt lite?) Den gjensidige gleda var stor, inntil eg litt seinare las vidare i artikkelen til Knut Halvdan Svendsen:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.