Lita skrift
Arnold
Arnold Schwarzenegger i 1985.
Foto: Harry Langdon via Wikimedia Commons
Far min fortalde ofte eventyr då eg var lita. Det hende han las frå Asbjørnsen og Moe, men endå kjekkare var det då han fortalde historier frå sin eigen barndom. Som i eventyra om Per, Pål og Espen Oskeladd hadde også desse forteljingane eit fast persongalleri – Egil, Hans Stein og far min. Forteljingane var morosame, spennande og ikkje nett politisk korrekte. Dessutan var dei sanne. Det kunne farmor mi stadfeste.
Ein dag – eg kan ha vore tolv – fortalde far min meg noko eg sidan aldri har gløymt. Far min, som i 1960-åra studerte medisin i München og var aktiv kroppsbyggjar, hadde trent i lag med Arnold Schwarzenegger. Ja, du høyrde rett. Far min hadde trent i lag med Arnold «I’ll be back» Schwarzenegger, drapsroboten med austerriksk aksent i The Terminator – han som seinare skulle verte amerikansk guvernør. Kvifor hadde han ikkje sagt det før? Eg var åtte då The Terminator kom. Magasinet Topp kom med plakatar av Schwarzenegger. Kanskje var det fordi kjennskapen kunne verte oppfatta som sjølvskryt – som oppspinn frå ende til annan.
Her om dagen kom eg til å tenkje på det: Kva om det heile var ei røvarhistorie?
I desse dagar finst kunstig intelligens, så eg spurde ChatGPT: Har Arnold Schwarzenegger budd i München? Svar: «Ja. Schwarzenegger budde i München i to år tidleg i karrieren sin (frå ca. 1966 til 1968). Han flytta dit etter militærtenesta, budde i ein bustad nær sentrum og trente/arbeidde som trenar på eit gym i byen før han emigrerte til USA.» Kjelde: Secret München.
Og kva såg eg då eg klikka meg inn der? Ein treningsmanual klin lik den far min alltid trente med! Secret München kunne vidare fortelje at namnet på treningsstudioet var Herkules, og at det låg i Schillerstrasse 36. Bygget ligg der framleis, no eit hotell, og når Schwarzenegger kjem for å feire oktoberfest, kjem han bortom. Folk får fotografere han framfor den historiske staden.
Eg lyt planleggje pilegrimstur til München. Men fyrst skal eg sjekke kva KI kan finne ut om Egil og Hans Stein og hønene dei bada med hovudet først i ei tønne med vatn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.