Musikk

Arkivet: Songdokteren Jerry Lynn Williams

Omslaget, teikna av Jerry Williams, vitnar om hangen til psykedelia. Fint i kunsten, men ikkje for helsa hans.
Publisert

Han var den beste låtskrivaren du aldri har høyrt om, skreiv No Depression i ein minneartikkel om texanaren Jerry Lynn Williams i 2006, men han var også eit musikalsk multitalent og ein hissigpropp.

I 1970 gav han ut LP med den psykedeliske bluestrioen High Mountain, men dette namnet var alt i bruk, så plata måtte ut på nytt som The Jerry Williams Group, men korkje den eller solo-LP-en Down Home Boy selde.

Då han skreiv kontrakt med Warner, blei det pengekrangel og uvenskap med den legendariske direktøren Lenny Waronker, og LP-en Gone fekk inga offisiell lansering. Men venen Delbert McClinton hadde fått plata og spelte inn eit av spora, «Givin’ It Up For Your Love», som blei Top Ten i USA og signaturlåten til McClinton.

I 1984 trefte Williams på Eric Clapton, som trong songar til den neste plata si. Han fekk «Forever Man» og «See What Love Can Do» til comeback-albumet Behind the Sun. I 1989 skreiv Williams endå fem låter for Clapton til Journeyman, og «Real Man» for Bonnie Raitt til hennar comeback Nick of Time.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement