Musikk
Arkivet: Minken og dokteren
Superplata. Design: Phil Shima / Foto: Jean Luc-Belle (Capitol 1979).
Sommaren 1976 fekk gruppa Mink DeVille eit namn i punkundergrunnen på klubbane i New York, men til skilnad frå Ramones og andre spelte dei ikkje punk, men rhythm & blues inspirert av Them og tidleg Stones med ein touch latinamerikansk raffinement.
Frontmannen Willy DeVille var ein klassisk soulsongar med fraseringar frå Ben E. King, kjend for originalinnspelingane av «Spanish Harlem» og «Stand by Me», og ikkje minst «Save the Last Dance for Me», som han song med The Drifters.
På ein av dei faste klubbrundane sine på Manhattan fekk den høgt feira låtskrivaren Doc Pomus oppleve Mink DeVille trollbinde The Bottom Line.
Etter det sterkaste soulshowet Pomus hadde sett på år og dag, fekk Willy DeVille høyre at legenda ville treffe han, men trudde ikkje det var sant.
– You mean the guy who wrote «Save the Last Dance for Me»?
Pomus ville skrive songar saman med han. Dei kom på det tredje DeVille-albumet, Chat Bleu, innspelt i Paris 1979 med eit mjukare uttrykk enn tidlegare. Det er rekna som meisterverket til Mink DeVille, men plateselskapet greidde ikkje å selje plata i USA. I Frankrike blei han forguda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.