Musikk

Arkivet: Mardi Gras-mambo

På denne plata finst den beste festmusikken i verda.
Publisert Sist oppdatert

Stadig fleire i Noreg valfartar til amerikanske musikkbyar, og New Orleans er reine magneten. No i februar kulminerer karnevalet med Mardi Gras-parade og second line-tromming i gatene. New Orleans Party Classics på Rhino Records er den perfekte introduksjon til det heile.

Sidan utgjevinga i 1991 har plata selt jamt og trutt på LP og CD. Mange av songane er evig-unge internasjonale hitlåter, andre er først og fremst lokale favorittar, som til dømes «Mardi Gras Mambo» frå 1954 med The Hawketts, sungen av ein 16 år gamal Art Neville.

Arrangementet er meir inspirert av rumba- og kalypsorytmane til pianohøvding Professor Longhair enn av mambo, men kva gjer det. Du må oppsøke fastlegen om du ikkje dansar til «Down in New Orleans where the blues was born it takes a cool cat to blow a horn/ on Lasalle and Rampart Street/ the combo’s there with a mambo beat!».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement