Musikk

Arkivet: Klippesvaler og raudstrupe

Songteksten blei kreditert svigermora til Leon René.
Publisert Sist oppdatert

Mission San Juan Capistrano var ein av dei 21 misjonsstasjonane som fransiskanarmunkane oppretta mellom 1769 og 1833 i det som no er California. Den gongen tilhøyrde området eit spansk koloniimperium som song på siste verset og spreidde biblar og epidemiar i urbefolkninga. På 1900-talet blei misjonsstasjonane til historiske turistattraksjonar, og den mest romantiske var Capistrano-misjonen rett sør for Los Angeles.

Då det blei oppdaga at klippesvaler flaug dit kvar vår for å bygge reir, fekk dei eiga feiring den 19. mars, dagen for helgenfeiringa av St. Josef. Same datoen i 1939 hadde låtskrivaren følgjande versliner klare: «When the swallows come back to Capistrano, that’s the day you promised to-o-o-o-o come back to me.» Året etter blei The Ink Spots’ innspeling av balladen ein internasjonal hit og ein komande standardlåt.

19. mars-tradisjonen med svalene er framleis i live i San Capistrano, og det er fleire fuglespor etter Leon René. Han skreiv «Rockin’ Robin» som blei nr. 2 på Hot 100 både i 1958 og 1972. Først med Bobby Day, så med Michael Jackson, som dessutan fekk 1. plass hjå Cash Box.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement