Musikk

Arkivet: Bo Diddley på Maihaugen

Publisert Sist oppdatert

På midten av syttitalet begynte store rock and roll-pionerar å opptre i Noreg, men ikkje alle fekk like mykje merksemd. Superlegenda Bo Diddley gjorde tre jobbar i Noreg i mars 1979. Miniturneen opna med laurdagsspeling på Maihaugen, av alle stader, og Jens Nystad, med ry som Noregs fremste Bo Diddley-kjennar, skreiv i Puls at «det altfor fåtallige publikumet fikk oppleve den originale rocken og rhythm & bluesen (…) i beste velgående».

Måndagen etter møtte vi han på dåverande Hotell Viking i Oslo før gigen på den lokale rock and roll-klubben i Horten. Nystad overrekte Bo Diddley diplomet frå Scandinavian Rock’n’Roll Society som kåra han til æresmedlem nr. 9.

På biletet som blei brukt på Puls-framsida, har han på seg ei T-skjorte med påskrifta «The Clash Pearl Harbor Tour ’79». Dette var den første USA-turneen til punkarane. Dei handplukka Bo Diddley som opningsartist til alle dei seks konsertane sine, og seinare skreiv The Clash songar med signaturrytmen hans, blant andre «Hateful» på London Calling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement