Sport
Afterski
Afterski med stil ein gong i 1947 i Idaho.
Nærast som eit lite smetthol i lova ligg afterskien nedst i slalåmbakken med freistande sal av både Corona og Jägermeister. Slike godsaker er i alle fall ikkje å finne på andre idrettsarenaer i Noreg, viss du ikkje menger deg med VIP-en då.
Afterski er eit fenomen. Det handlar om å ta seg ein fest etter ein dag i bakken, men det er også å kle seg på ein spesiell måte og høyre på éin type musikk.
Afterskien kallar me staden der alt dette blir utført – det kan vere ute i friluft eller på ein stad med alkoholservering i nærleiken av skibakken. Før var interiøret gulna furu, no er inventaret eit meir grålakka treverk – sikkert enklare å vaske. På veggene heng gevir, og langs dei avlange borda står det benker med skinnfellar. Viss sola skin, blir festen flytta ut blant skistativ og raske briller.
På dei dyre ullgenserane som er ein del av stilen, står det gjerne après ski. Fordi det ser kult ut, ja, men også fordi hurlumheien starta ein stad i dei europeiske Alpane, der dei rike britane reiste på skiferie i starten av 1900-talet.
Fyrst skal skifolket ha feira dagens prestasjonar i bakken med ein varm kopp te mens dei dansa for å halde varmen. Ifølgje Wine Enthusiast var det på 1950-talet at alkoholtradisjonen sette fart.
I år det har vore lite snø til fjells. Då kan ein gå på afterski utan at ein har gjort seg fortent til det i skibakken, og slik som i Syden, er det her lov å kjøpe den fyrste pilsen tidleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.