Sport før og no

Å dra ting etter båten

Det er lett å la seg fascinere av wakefoilen som ein sjeldan gong susar over fjorden.
Publisert Sist oppdatert

Denne sommaren har gjort sjøen uvanleg varm. Så varm at også vi som ikkje har våtdrakter i alle storleikar, har kunna drive med vassport.

På 1980-talet var det vasski som gjaldt. Det var ganske enkelt – viss ein ikkje skulle gjere ein 360, krysse føtene eller slikt. Tiåret etter kom tuben, ringen ein kunne sitje i, og ikkje minst vassbrettet til bygda. Når ein først kom seg opp på brettet, kjendest det som ein hadde heile verda framføre seg.

No er det hydrofoilen som ragar høgast. Hydrofoil eller wakefoil, som det eigentleg heiter, er eit brett som også blir drege bak ein båt, men det ser ut som ein svevar ein halv meter over vatnet. Ei foilvenge under brettet løftar det opp frå vassflata når båten dreg, friksjonen blir mindre og farten aukar. Det heile ser litt overnaturleg ut.

Men eigentleg treng ein ikkje så mykje utstyr for å få litt action i bølgjene. Det meste kan dragast bak ein båt. På 1990-talet testa vi både skapdører, oppblåste bildekk og akebrett. Så lenge motoren hadde 9,9 hestekrefter eller meir, gjekk det unna.

I jakta på ting som kunne bindast bak ein båt i sommarvarmen i 2025, fann naboen nokre mystiske ski på gjenbruksbutikken. Dei var små, massive og laga av isopor. Skia såg definitivt ut som noko som kunne stamme frå 1980-talet, og måtte vel difor vere perfekte bak båten. Det var dei ikkje. Dei fungerte ikkje til noko som helst. Vi byrja så å lure på kva dette eigentleg var. Skulle ein kanskje hatt skistavar til?

I 2025 treng ein ikkje undre seg lenge på det ein ikkje veit. Google Lens hadde svaret. Dei nye «vasskia» var trampolineski – altså til å hoppe på trampoline med. 175 kroner rett i dass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement