Litteratur
17. mars 1957
Teikning: May Linn Clement
Bjørnson. «Til Romsdalen» var det beste diktet hans, sa Bjørnson i eit brev til Jonas Lie. Og det er godt. Bjørnson var ein stor lyrikar. Han skil alltid so vel imillom emne og tema. Biletbruken er frisk og djerv, men spelar alltid ei underordna rolle. Det er ideen, kjensla, synet, tanken som er det vigtigaste, kanskje synet, det fyrste dristige syn er det han er trufast mot. Han er Wergelands arvtakar. Kinck kom etter han.
Innverknad. Ein skal sjeldan leita i utlandet etter innverknad, kvart land som er rikta til å ha ein sjølvstendig litteratur, har òg fræ til framtidi. Impulsar utanfrå kan berre i høgdi styrkja visse tendensar. Modernismen har ført til ei reindyrking av visse Wergelandske og Kinckske serdrag; serleg fantasi og biletrikdomen i det nye er vel ordningi, skipingi i eit visst mynster, «mosaikk» som Keilhau segjer.
«Døm ikkje. Alle feil er like. Det finst berre éin feil! Å ikkje ha evna til å livnæra seg av ljoset.» Simone Weil.
«Mindreverdighetsfølelse» er so låkt, segjer dei. Seg ikkje det. Det er eit edelt drag hjå menneske. Han synest ikkje han strekk til, held ikkje mål med det ideal han ber på. Ein låg karakter er aldri plåga av ei slik kjensla.
Dikting. Det er tvo slags dikting, dikting av trælar og dikting av frie, dette er det store skilet. Nietzsche var fri, Södergran var fri.
Under tyngdi. Stødt under tyngdi, under myrkret, kuva, forknytt, aldri fri, aldri eit sælt hjarteslag! Soleis gjeng mitt liv. Simone Weil snakkar so mykje um «tyngdi», det er det ein gjeng under. So lenge har ein gjenge under træleåket, at ein vil ikkje tola nåden, eller «sæla», som eg vil kalla det. For nåden er den sanne fridom, er noko anna enn blind burtrykkjing, som eg har røynt. Nåden, og endå vera menneske, det må vera stort. «To krefter styrer i universet: ljos og tyngd,» segjer Simone Weil. Til dessar har eg kjent berre «tyngdi». Grå er mi verd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.