Innsida
15 mann frå Bulken
Den skarpaste Innsida-lesaren har nok fått med seg at Bulken IL fylte 100 år i fjor. Ei feiring som naturleg nok ikkje går over med ein gong. Torbjørn Dyrdal har sendt Innsida ein faksimile frå avisa Hordaland frå 1947, då Bulken IL sende 15 mann til Holmenkollstafetten og sikra ein uventa sterk 11. plass i klasse B og vart Vestlandet sitt nest beste lag.
Meldinga i Hordaland er skriven av Kåre Skalstad, ein austlending som var fysioterapeut på Voss og mellom mykje anna mannen bak treninga av den fyrste lavinehunden i Noreg, «Heidi».
Innsida har sjeldan sett eit meir innhaldsrikt og historisk viktig idrettsreferat. Det er ikkje oppløpet til O. Skjeldal, der han passerer ein løpar (les: austlending) og sikrar 11. plassen, men alt det andre som fortel om idretten sine kår og desse staute karane.
Bulken IL hadde ikkje bane eller klubbhus. Treninga gjekk føre seg i skog og myr. Dei betalte halve reisa sjølve og hadde med eigen mat.
Karane var bondegutar som ifylgje Skalstad hogg fem–seks famnar ved kvar veke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.