Musikk
Arkivet: Latteren hennar ringande i øyra
Johnny Cash under ein konsert i New York i 1985.
Foto: Ron Frehm / AP / NTB
Siste akt i platekarrieren til Johnny Cash var samarbeidet med gangstarap- og metalprodusenten Rick Rubin, der han fann opp seg sjølv på nytt gjennom American Recordings I–IV. Americana og Southern Gothic for dei som hadde vakse opp med MTV og elska Nick Cave, men som knapt kjende til skattkista han spelte inn for CBS mellom 1958 og 1986.
I 2000 gav Sony Legacy som eigar av CBS ut dei tre tematiske CD-ane Love, God, Murder som Cash hadde gjort låtutvalet til. Ein fjerde CD, Life, kom ut i 2004, året etter han døydde.
CD-ane var i slekt med konseptplatene han laga for CBS på 1960-talet og Murder den mest vellukka. I den brutale Harlan Howard-songen «The Sound of Laughter» er vi inni hovudet og cella til ein som drap kjærasten som ikkje berre hadde slått opp, men som hånlo fordi han var blitt blakk på grunn av henne:
«Now I’m down here in the gaol house and I know what brought me here. It was the sound of laughter ringing in my ears.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.