Vinje i England

Gunnar Skirbekk synte oss nye sider av Vinje, om diktaren som advokat og del av det norske embetsverket.

Gunnar Skirbekk (t.v.), Marit Eikemo og Ottar Grepstad under Vinje-samtalen førre laurdag.
Gunnar Skirbekk (t.v.), Marit Eikemo og Ottar Grepstad under Vinje-samtalen førre laurdag.

Samtale

Gunnar Skirbekk, Marit Eikemo, Ottar Grepstad:

Essayisten Vinje

Møre Folkehøgskule,
laurdag 9. juli

Det er altfor mange litteratar som har skrive om Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870), ein diktar som er underkjend som filosofisk essayist, meiner filosofiprofessor Gunnar Skirbekk. Med utgangpunkt i påstandar som dette fekk han og festspeldiktaren Marit Eikemo i stand ein samtale som hadde noko vesentleg sams med essayforma: Dei tematiske omvegane i drøftinga blei like viktige som hovudtemaet.

Eikemo har det til sams med Vinje at ho nyttar si journalistiske røynsle i essayistikken. Slektskap med Vinje kjenner ho når det gjeld det å gå ut i verda for å nytta det ein møter på vegen som kjelde til kunnskap – ingen ting er då for stort eller for smått for å seia noko om verda me lever i. Ho ser noko moderne ved den leikande, uformelle måten hans å venda seg direkte til lesaren på, til dømes når han vågar å «bryta ut i dikt».

Det at forfattaren nyttar seg sjølv i essayistikken, gjer dei 150 år gamle saksframstillingane skjønelege, meiner Eikemo – og at vår tids journalistikk lir av fråvær av essayistikk: «Det ekstreme objektivitetskravet får informasjonen til å gå inn det eine øyra og ut det andre. Alt blir så mykje enklare å gripa når det har vore innom sinnet til den som skriv.»

Advokaten

Medan Eikemo la vekt på sitt personlege tilhøve til Vinje spesielt og essayet generelt, overraska Skirbekk med ukonvensjonelle synsmåtar på 200-årsjubilanten. Han trekte fram A Norseman’s Views of Britain and the British frå 1863, ei bok som er skriven som 16 brev på klassisk engelsk og syner oss ei lite kjend side av Vinje. Andsynes det britiske publikumet presenterer han seg her ikkje som del av dei folkelege rørslene i Noreg (slik dei fleste av oss kjenner han), men som advokat og del av det norske embetsverket. «Vinje var del av embetsverket, let’s face it», slo Skirbekk fast.

Forsvarar embetsstanden

Kva er det Vinje reagerer på i England? På pengemakt og adelsmakt, og fattigdom. I Skottland tykkjer han at kunnskapsnivået er relativt høgt (dei hadde fire universitet, England to), men blir sjokkert over landeigarane si tyranniske handsaming av fattige bønder for å oppnå maksimal profitt. Han innser poenget med å ha eit sterkt embetsverk som kan gripa penge- og adelsmakta ved horna. Vinje som forsvarar av embetsstanden, altså, dette var eit nytt perspektiv for meg.

Dei klåre formuleringane til Skirbekk, med bruk av presise retoriske spørsmål mellom dei lengre utgreiingane, overtydde. Og imponerande var evna hans til å sjå samanhengar der slike synbert ikkje finst. Han gjorde det klårt at Vinjes A Norseman’s Views går rett inn i dagsaktuelle drøftingar om tilhøvet mellom globalisert kapitalisme og statlege institusjonar.