Venetiansk dilettant
Tomaso Albinonis melodiske teft kjem til uttrykk i sonatane hans.

Tomaso Albinoni er i dag mest kjend for eit stykke han aldri skreiv: Den såkalla «Adagio i g-moll», eller «Albinonis Adagio», som i røynda blei komponert av den italienske musikkvitaren Remo Giazotto i slutten av 1950-åra. Det er leitt at denne adagioen er haussa så opp, for det finst nok ekte Albinoni-musikk som er god. Produktiv som han var, etterlét han seg mellom anna kring 50 operaar, 50 solokantatar, 60 konsertar og 100 sonatar.
Musikk av lyst
Det er sonatemusikken det utmerkte Ensemble 415 under leiing av den sveitsiske barokkfiolinisten Chiara Banchini gjev oss her, nærare bestemt dei seks sonatane frå Sinfonie e concerti a cinque, op. 2. Denne samlinga blei prenta i Venezia i år 1700, Albinonis heimby, som på denne tida var blitt ein skugge av seg sjølv politisk sett, men framleis var ei musikalsk stormakt.
Albinoni var ein av dei som stolt titulerte seg dilettante, eit omgrep som ikkje hadde den nedsetjande meininga det i dag har, men signaliserte at mannen ikkje laga musikk av di han måtte, men av di han ville. Økonomisk sett var han nemleg sikra, for far hans, ein suksessrik spelkortprodusent, etterlét han ein formue. Det er altså ingenting amatørmessig ved sonatane på denne innspelinga, som er prega av varm, brei og fleksibel strykarklang i dei rolege satsane og kvikt, bassdrive momentum i dei snøgge.
«Lånt» av Bach
Albinoni sette spor etter seg i musikksoga: Han var den fyrste som konsekvent gav konsertane sine den tredelte forma som skulle bli standard fram til vår tid, og han var den fyrste italienaren som skreiv obokonsertar. Men sonatane – sjølv kalla han dei Sinfonie – er konservative og litt akademiske i både form og uttrykk, noko som krev solid stilistisk kunnskap av utøvarane. Dei lyt nemleg improvisera sine eigne ornament for å få liv i dei rolege satsane. Her syner fiolinisten Banchini seg kompetent, for det er ingenting blodfattig ved framføringa hennar – det er noko klårt og uttrykksterkt over måten ho presenterer dei musikalske temaa som innleier einskildsatsane, på.
Det å meisla ut karakteristiske tema var elles ei av Albinonis sterkaste sider. Ingen ringare enn J.S. Bach «lånte» fire tema av han og nytta dei som utgangspunkt for sine eigne klaverfugar, og i komposisjonsundervisinga si nytta han Albinonis stykke som døme.