Musikk
Varierte variasjonar

Johann Sebastian Bachs (1685–1750) musikk eignar seg ypparleg til omarrangering, altså det å omarbeida han for andre instrument enn dei han er komponert for. Grunnen til dette er nok den solide kompositoriske substansen i stykka hans, som er grunnleggjande polyfon. På albumet Variations On Variations har den italienske dirigenten og cembalisten Rinaldo Alessandrini teke utgangspunkt i tre store bachske variasjonsverk for klaverinstrument, mellom anna «Goldbergvariasjonane», BWV 988. Desse har han lagt til rette som kammermusikk for strykarar og cembalo, som her blir spelte av barokkorkesteret Concerto Italiano.
Det fyrste som slo meg då eg sette denne interessante innspelinga i CD-spelaren, var kor godt ein høyrer einskildstemmene som komposisjonane er sette saman av, for dei kling tydelegare enn når dei er spelte på cembalo eller orgel. Effekten blir forsterka av den fine måten musikarane formar frasane på, med god melodisk retningssans og delikate aksentueringar av dei viktigaste tonane med hjelp frå lett og luftig vibrato.