Musikk

Variert og originalt

Volum fire i serien med Ketil Hvoslefs kammermusikkverk er påhittsamt instrumentert.

Bergenskomponisten Ketil Hvoslef (fødd 1939).
Bergenskomponisten Ketil Hvoslef (fødd 1939).

CD

Ketil Hvoslef:

Chamber Works No. IV

Ymse musikarar. LAWO 2017

Ketil Hvoslef blei komponist via omvegar. Fyrst førebudde han seg til å bli kunstmålar, noko som enda i kontrovers då politiet i Ljubljana, hovudstaden i Slovenia, arresterte han. Dette hadde nok heller praktiske enn kunstnarleg-intellektuelle grunnar: Sidan han måla ein offisiell bygning, mistenkte styresmaktene han for å vera spion.

Den fyrste tilsetjinga som musikar fekk han då han som student var gartnar for direktøren ved Bergen Musikkonservatorium (i dag Griegakademiet). Då direktøren ymta frampå at han i grunnen hadde meir bruk for ein musikkteorilærar enn ein gartnar, fekk han undervisingsstillinga.

Høgt nivå

Sidan har Hvoslef, som er son til Harald Sæverud (han med Kjempeviseslåtten), vore nært knytt til Griegakademiet, som er utdanningsinstitusjonen dei fleste musikarane på denne plata underviser ved. Volum 4 i serien, med alle Hvoslefs kammermusikkverk, er like forvitneleg som dei førre CD-ane i rekkja: Ikkje berre er dei innspelte verka varierte og originale. Tolkingane til musikarane verkar òg gjennomtenkte og held høgt teknisk nivå.

Det fyrste verket, Sekstett (1972), er den eldste komposisjonen i heile CD-serien. At komponisten her har late seg inspirera av russaren Igor Stravinskij (1882–1972), er tydeleg. Høyr berre på dei rytmisk gjentekne akkordane i opninga, som har noko av Stravinskij-balletten Vårofferet ved seg.

Feler og flasker

Meir skjemtefullt er det tredje stykket på plata, Nordisk kontrapunkt for feler og flasker, som blei skrive som pauseinnslag til NRK-programmet Kontrapunkt i 1973. Besetninga består av to fiolinar og Hansa-ølflasker, der flaskeblåsinga skapar ein lirekasseaktig bass med enkeltonar som kontrasterer dei kontinuerlege, repeterande felemelodiane.

Besetninga med Hansa-ølflasker kan elles syna seg problematisk i framtida. For som kjent har Hansa slutta med dei små, brune 0,33-literflaskene, dei som bli kalla «bjørnungar», og gått over til å tappa på boks. Det blir interessant å sjå korleis framføringspraksisen på Hvoslefs øl- og felestykke kjem til å bli løyst i framtida.