Variasjonar på Troldhaugen

Ved sida av J.S. Bachs «Goldbergvariasjonar» er Ludwig van Beethovens (1770–1827) monumentalverk «Diabellivariasjonar», op. 120, høgdepunktet innan pianistisk variasjonskunst, både når det gjeld uttrykket og når det gjeld teknikken som blir kravd av utøvaren. Sistnemnde gjorde at jamvel Franz Liszt, romantikkens store klavervirtuos, unngjekk å spela dei offentleg.
Men engelske Paul Lewis, som seint på fredagskvelden 24. mai breidde seg på Griegs eige flygel i villaen på Troldhaugen, gjekk ikkje utanom: Alt i den vesle valsen av Anton Diabelli som dannar utgangspunktet for dei 33 variasjonane, demonstrerte han utsøkt fingerteknikk. Og sjølv i nest siste variasjon, den trestemmige fugen som kronar dette mest 40 minuttar lange opuset, var framføringa fokusert og teknisk perfekt som i ei studioinnspeling.