Uviss farskap

Høyrer me omgrepet «Johannespasjon», altså ei dramatisk skildrande tonesetjing av Jesu lidingshistorie slik ho kjem til uttrykk i Johannesevangeliet, tenkjer me straks på J.S. Bach. Men andre tyske barokkomponistar sette òg tone til evangelieteksten. Mellom desse var den unge Georg Friedrich Händel (1685–1759) – i alle høve om me skal me tru tittelen på denne CD-en med ensembla La Capella Ducale og Musica Fiata frå Köln. For opphavet til pasjonen er uklårt; det finst korkje notar av han som er ført i pennen av Händel, prov på at Händel framførte stykket, eller teikn på at det kan ha vore eit tingingsverk.
Kva kriterium kan då liggja til grunn for å kopla det til Händel? Fyrst og fremst stilistiske, altså at me høyrer den typisk «händelske tonen» i musikken. Gjer me det? Vel, eg har i alle høve vanskeleg for det. Den ekstremt korte instrumentalinnleiinga har noko av den harmoniske letten og fleksibiliteten me kjenner frå ouverturane hans, men den særeigne elegante melodikken manglar heilt. Dette gjeld òg for ariane og korsatsane, som mest alle er så stutte (somme av dei berre 20 sekund) at dei musikalske temaa ikkje får tid til å utvikla og endra seg.
Men barokkmusikk treng ikkje vera av Händel for å vera fin. Eg tenkjer her på til dømes sopranduetten «Schauet, mein Jesu» («Sjå, min Jesus»), der songstemmene på intimt vis slynger seg kring kvarandre, og korssatsen som er komponert som ein dramatisk fuge, «Lasset uns den nicht zerteilen» («Lat oss ikkje dela han») – dette er staden i forteljinga der soldatane avgjer å kasta lodd om kjortelen til den krossfeste Jesus i staden for å riva han sund og fordela tekstilet mellom seg. Som dirigenten Roland Wilson skriv i omslagsteksten til CD-en: «Uansett om pasjonen er av Händel eller ikkje, fortener han å bli framført oftare, for musikken talar for seg.» Det kan ein vera samd i, særleg når framføringa er så god som her.