Musikk
Uventa samklangar
Westminsterkatedralens kor syng Sheppards renessansepolyfoni med trollbindande venleik.

Han er herleg, den engelske renessansemusikken. På den eine sida har han, om me jamfører med den tyske og italienske, noko mildt og mest naivt vakkert ved seg. På den andre sida overraskar han stadig med uventa samklangar som får ein til å skvetta til, dissonante harmoniar som kling som små kollisjonar i stemmeføringa («tverrstandar», kallar me slike i musikkteorien). Dette gjeld òg vokalmusikken til John Sheppard (ca. 1515–1558), som var korleiar og -komponist ved Magdalen College i Oxford og Chapel Royal i London midt på 1500-talet.
På denne fine CD-en framfører Westminster Cathedral Choir tre av Sheppards store latinske, strengt polyfone korkomposisjonar. Dette koret pryder dagleg messene i Westminster-katedralen i London, den romersk-katolske hovudkyrkja i England og Wales, og er sett saman av berre mannlege songarar: prepubertale gutar til sopran- og altpartia og vaksne menn til tenor- og basspartia. Den lydlege balansen deira er eineståande, for gutestemmene er så tandre og transparente at dei ikkje dominerer klangbiletet på same måte som vaksne kvinnesopranar ville gjort.
Resultatet er ein homogenitet som gjev Sheppards sakteglidande renessansepolyfoni ein trollbindande venleik, framført med ein flyt som blir forsterka av den mektige romklangen i katedralen. Og, som så ofte hjå desse engelske elitegutekora, er intonasjonen perfekt.