Musikk
Urkantoren
Weser-Renaissance gjev oss smakebitar frå verdas fyrste protestantiske korsongbok.

Med god grunn er Johann Walter (1496–1570) blitt kalla protestantismen «urkantor». For som Luthers ven og viktigaste musikalske strateg var han med på å grunnleggja den stolte protestantiske kantortradisjonen som òg skulle prega den norske kyrkjemusikken. I Wittenberg i 1524 gav han og Luther ut Geystliches Gesangk Buchlein (Åndeleg songbok), som er den aller fyrste protestantiske korsongboka.
Det er tolv stykke for firstemmig blandakor frå denne songboka det tyske ensemblet Weser-Renaissance gjev ut på dette nye albumet, musikk dei syng med god intonasjon, tydeleg tekstuttale og vedunderleg framføringsflyt. I desse kunstferdige renessansekomposisjonane ligg salmemelodien alltid i tenorstemma, ikkje i sopranen (toppstemma), slik me er vande med i vår tid. Mange vil dra kjensel på salmane. For dei blir sungne i lange, tydelege noteverdiar, medan motstemmene – dei som omslyngjer salmemelodien som frodig eføy – er komponerte i raske noteverdiar. Høgdepunktet for meg er Christ lag in Todes Banden, påskesalmen me finn som nummer 186 i Norsk Salmebok med tittelen «Jesus Kristus er oppstanden». Balansen mellom stemmene kunne her ikkje vore betre: Blåse- og strykeinstrumenta (som doblar songstemmene) utfører fraseringane og betoningane sine perfekt etter tekstuttalen til songarane, og det heile går difor opp i ei større eining.
Lurer du på kva som er det musikkhistoriske opphavet til J.S. Bachs mektige korkomposisjonar, dei som to hundreår seinare skulle bli høgdepunktet i den protestantiske kyrkjemusikken? Svaret høyrer du på denne CD-en.