Universell urfolksreise

Sterkt samisk drama syner skandinaviske statssynder.

Lene Cecilia Sparrok spelar hovudrolla i Amanda Kernells film Sameblod.
Lene Cecilia Sparrok spelar hovudrolla i Amanda Kernells film Sameblod.

DRAMA

Regi: Amanda Kernell

Sameblod

Med: Lene Cecilia Sparrok, Maj Doris Rimpi

Christina (Rimpi) fer nord for å gravleggje systera. Medan sonen og barnebarnet hennar er nyfikne på dei samiske røtene sine, hevdar ho sta at ho er svensk. Klipp til Christinas barndom på det traumatiske 30-talet: Då heiter ho Elle-Marja (Sparrok) og skal på kostskule. Då systera vender heim til reindrift, stikk Elle-Marja til Uppsala for å gjere seg svensk.

Sivilisasjon og barbari

Samane høyrer stendig kviskringar og rop frå svenskane. Statens overgrep og folkets fordomar er skildra tydeleg, men ikkje utan sans for nyansar og nøysemd. Særleg sterk er ei scene der jentene blir tvinga til å kle av seg framfor kameraet med ein blits som kjennest som pisken dei stundom får smake. Skallemåling og stokkeslag for å snakke samisk er kjent frå Noreg og andre land som liksom skulle sivilisere med barbariske raseteoriar. Historia om tenåringsjenta som vil vekk frå urfolksfellesskapen, er universell. Ein kan godt gløtta til glitrande guatemalanske Ixcanul frå i fjor. Skamma eig samfunna saman.

Klar kvalitet

Den svenske debutanten Amanda Kernell er sjølv av samisk ætt. Sameblod viser ein stødig filmskapar. Forteljinga er klar og konvensjonell, men held høg kvalitet. Historia engasjerer så det monar. Nordtrønderske Lene Cecilia Sparrok er enormt god i hovudrolla. Ho er sår og sterk, og strålar håp og harme. Sparrok kunne tvillaust fått ein stor skodespelarkarriere, men ho vil visst helst drive med rein i Namsskogan. Slik kan ho stolt halda på den arven figuren hennar forkasta.