Musikk

Ungt og leikent

Abel komponerte i ei tid då symfoniar framleis berre var fryd og gaman.

Alle dei 36 symfoniane Carl Friedrich Abel skreiv, går i dur, ingen i moll. Dei seks symfoniane i opus 7 frå kring 1765, som barokkorkesteret La Stagione Frankfurt her spelar med kvikke treblåsarar og drivande intens basseksjon, er frå tida då symfonien framleis var ei ung og leiken musikkform. Symfonien skulle eggja publikum med uventa melodiske vendingar, bråe harmoniske skift og feiande rytmar – her er ingenting av det alvorleg storfelte som kom på 1800-talet, då han blei den største og mest seriøse av alle instrumentalformer.

Sonatesatsform

Abel, kjend som 1700-talets siste gambevirtuos, blei fødd i Köthen utanfor Leipzig i 1723, der far hans spelte i J.S. Bachs orkester. Grunna sjuårskrigen i Tyskland drog han til London, der han slo seg ned i G.F. Händels dødsår 1759. Sjølv om symfoniane hans har noko av Händels klanglege klåre ved seg, komponerer han i ein genuint ny stil som innleiar wienerklassisismen i musikkhistoria: I motsetnad til Händels barokke komposisjonsmåte, der me som regel berre får eitt melodisk tema per sats (einskapleg kjensleuttrykk), nyttar Abel nemleg to kontrasterande melodiske tema som han set opp mot kvarande (kjenslemangfald og uttrykkskontrastar i éin og same sats). «Sonatesatsform», kallar me denne teknikken, som skulle bli eit hovudkjenneteikn ved musikken til W.A. Mozart og J. Haydn.

Sprakande valthorn

I tida då Abel komponerte sitt opus 7 i London, vitja den åtte år gamle Mozart han. Mozart fekk truleg beskjed av far sin om å studera Abels stil. I alle høve kopierte han eigenhendig partituret til ein av symfoniane (som er med på denne plata), Symfoni nr. 6 i Ess-dur. Etter at Abel døydde i 1787, blei han snøgt gløymd, og sidan Mozart ikkje hadde skrive på partiturkopien kven som var komponisten, heldt musikkforskarane det lenge for å vera eit tidleg Mozart-verk, og lista det som Symfoni nr. 3 in Ess-dur under Mozart-opusnummeret 18.

Lyttar me på La Stagione Frankfurts suverene framføring av denne symfonien, skjøner me korleis musikkhistorikarane kunne la seg lura til å tru at dette var genuin Mozart, for verket er det stilistisk mest mogne i samlinga. Hovudtemaet i fyrstesatsen «molto allegro» er iøyrefallande, med sprakande valthorn som spelar signalaktige treklangmelodiar over ein dundrande strykarbass, medan sidetemaet, med rolege obomelodiar over ein putrande fagott, er vedunderleg songleg.