Musikk
Uhøyrde songar
Marianne Beathe Kielland syng tonesette dikt av Aasen, Vinje, Sivle og Sande.

Ikkje berre er ho ein av Noregs aller beste songarar: Mezzosopranen Marianne Beathe Kielland merkjer seg òg ut ved at ho støtt snusar opp nytt og ukjent repertoar av nyare norske komponistar. Saman med den stødige pianisten Nils Anders Mortensen gjev ho oss denne gongen songar med klaverakkompagnement av Arne Dørumsgaard (1921–2006) og Olav Kielland (1901–1985).
Den allsidige Dørumsgaard frå Fredrikstad var berre aktiv som komponist i fyrste delen av livet. Resten nytta han mellom anna til å attdikta gamal austerlandsk poesi. I dei tre Burleskar for song og piano, op. 13, som byggjer på Jakob Sande-dikt, syner han solid kompositorisk handverk. Spesielt vellukka er den grovkorna tonesetjinga av «Trur eg (Etter ein rangel)».
Viktig dirigent
Den andre komponisten på plata, trønderen Olav Kielland, kjenner eg fyrst og fremst som dirigent. Knapt nokon annan norsk dirigent ytte like stor innsats for samtidsmusikken i fyrste halvdelen av 1900-talet; les ein om urframføringar av verk til komponistar som Groven, Valen, Sæverud, Tveitt eller Monrad Johansen, støyter ein stadig på namnet hans. Han dirigerte symfoniorkestera i Oslo, Bergen og Trondheim og blei i 1939 jamvel spurt om å vera dirigent på fast halvårsbasis for USAs eldste symfoniorkester, New York Philharmonic. Men desse planane sette 9. april 1940 ein brå stoppar for.
Dei eldste songane på plata er Olav Kiellands tonesetjingar av den tyske erkeromantikaren Joseph von Eichendorff frå 1923. Desse blei til det siste året han studerte ved konservatoriet i Leipzig, og er i ein noko inkjeseiande tysk seinromantisk stil. Heime i Noreg var det derimot den norsknasjonale lina i musikken han fylgde – i mange av songane høyrer me ornament, rytmar og toneartar frå folkemusikken.
Råk i skydekket
Òg på dette albumet syner Marianne Beathe Kielland den vedunderlege songteknikken sin, med ein imponerande egalitet mellom registera og ei evne til å synga intenst utan at det læt operaaktig hysterisk. Av dei innspelte stykka er det Olav Kiellands Seks Sivle-Songar, op. 17, som gjer mest inntrykk. «Den fyrste songen», som faktisk er den fyrste songen på plata, kjenner me alle med Lars Søraas’ melodi. Olav Kiellands tonesetjing frå 1951 er like lågmælt, men meir arkaisk og med ei songstemme som læt mest resiterande.
Det enkle, gjentakande klaverakkompagnementet i byrjinga gjev assosiasjon til «Lirekassemannen», den siste og mest kjente songen i Franz Schuberts songsyklus Vinterreisa. Tonesetjinga er dyster. Men éin stad blir der liksom riven ei råk i det gråtunge harmoniske skydekket. Dette er i tredje strofa, der Sivle diktar sine to vakraste verselineliner: «Der stend ein engel, smiler blidt/ som berre ei kan smila.»