Gratulerer, Deeyah Khan, med Peer Gynt-prisen. Du er ein verdig vinnar. Deeyah Khan er ei norsk jente som har fått kjenna på konsekvensane av å ønskja å leva sitt eige liv, på eigne vilkår, trass i at mange ville noko anna.
For då ho som ung og lovande musikar spela inn ein musikkvideo i 1990-åra som synte ryggen hennar bar, fekk ho til slutt så mange trugsmål at ho som sytten-åring valde å flytta til London. No er ho filmskapar og altså vinnar av Stortingets gjævaste pris.
I eit interessant intervju i Aftenposten førre helg seier ho noko som vi alle burde skamma oss over: «Vet du hva som virkelig knuste hjertet mitt da jeg måtte flytte til London? Det var en offentlig exit. Alle avisene skrev om det, at jeg var truet ut. Men ingen gjorde noe for å hjelpe meg. Ingen ringte. Ingen sa: ‘Hun er norsk, hun er vår jente, dette aksepterer vi ikke.’»
At Deeyah Khans opplevde manglande støtte og hjelp frå den norske majoriteten, er diverre ikkje uventa. Det syner den unnlatande haldninga vi i Noreg har hatt til dei innvandringsmiljøa som ikkje har ønskt å leggja frå seg kvinnefiendslege haldningar. Vi har i altfor stor grad sett mellom fingrane på den interne diskrimineringa som visse av desse miljøa har stått for.
Kvar var kvinnerørsla då Khan måtte reisa til London? Amnesty? Kva hadde skjedd om det var ei bunadskledd jente frå Telemark som måtte reisa frå landet på grunn av trugsmål av denne typen? Svaret seier seg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.