Vi som vil ha eit truverdig NRK

NRK har få vener i den nye regjeringa. Om dei vil atter­reisa tilliten, må dei taka samfunnsoppdraget på alvor.

Publisert Sist oppdatert

Same dagen som den endelege – ja, endelege – domen mot den tidlegare Vågå-ordføraren Rune Øygard fall i Høgsterett, oppsøkte NRK han på hytta. Der gjennomførde journalisten eit svært så venleg intervju med Øy­gard, som igjen fekk hevda at han var uskuldig dømd, og at det var best for jenta at «sanninga» kom fram.

Korkje Øygard eller NRK hadde noka sak. Han har vorte dømd i tre instansar, retten har tala, avgjerda er endeleg: Øygard lyg, og jenta talar sanninga. NRK visste i tillegg at jenta ikkje kunne forsvara seg. Om ho stod fram, ville heile landet få vita kven ho var, og saka ville dimed alltid forfylgja henne. NRK gjorde det likevel. Slik ter ein institusjon som ikkje har eit etisk minstemål, seg. Men det visste vi i grunnen frå før; etikk er ikkje noko NRK er særleg gode på. Dei er derimot svært dårlege der, noko både romkvinnesaka og rekordmange fellingar i Pressens faglige utvalg er døme på.

Samstundes med Øygard-intervjuet vart Frp og Siv Jensen grilla knallhardt av det same NRK av di ei jente hevda ho hadde vorte valdteken av to unge Frp-tillitsvalde. Ingen grilla derimot Ap-leiinga for at ein Ap-ordførar og tidlegare ven av Jens Stoltenberg hadde vorte endeleg dømd for å ha gjennomført ei rad med overgrep mot ei jente under den seksuelle lågalderen. NRK vantar altså ikkje berre etikk, dei opererer òg med doble standardar: ein for Ap og venstresida, ein annan for Frp og høgresida.

Og lat dette vera sagt: Korkje Ap eller Frp som parti fortente kritikk i desse to sakene.

Ei ny tid

Sjølv trur eg ikkje den skeive dekninga som NRK har, er ei medviten haldning; eg trur sant å seia at dei aller, aller fleste NRK-journalistar trur at dei er nøytrale og at dei er på sida til det gode i kampen mot det vonde. NRK gjer så godt dei kan, og det er med Hambro både deira orsaking og deira tragedie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement