Verdien av praktisk arbeid

Publisert Sist oppdatert

Sjeldan les ein eller høyrer frå personar som driv med praktisk arbeid. Det er kulturfolk, intellektuelle, politikarar, økonomar, mediefolk og kjendisar som vert presenterte som interessante og som vert omtala og intervjua.

Ta radioserien «Sommer i P2», ein god programidé som har gått nokre år no. Ein time for dagen gjennom sommaren får ulike personar tala fritt om tema dei måtte interessera seg for. Mange av programma har vore interessante.

Men ein fellesnemnar er at ingen av desse sommargjestene har hatt praktisk bakgrunn eller formidla noko av det mangfaldet av kunnskap som er knytt til praktisk arbeid.

Sommar i P2 er berre eit lite døme på denne tilstanden. Få ingeniørar, fiskarar, bønder, snikkarar, gartnarar, annleggsarbeidarar, slaktarar eller kva det skulle vera, slepp til i media med sine innsikter og røynsler.

Handverkarar og praktikarar lèt ikkje til å ha høg status i norske medium. Kokkar er vel eitt av få unnatak. Denne kritikken råkar òg Dag og Tid. Det må vi få gjort noko med.

Det heile startar med skulen, der praktisk kunnskap så å seia er neglisjert. Alle skal gjennom eit teorimassivt pensum og gå minimum tretten år på skulen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement