Våpenkvilesesong og ein president utan slips

Den ikkje så fredelege våpenkvila held fram, presidenten lever, og mellom andre Julia Timosjenko stiller til parlamentsval.

Publisert Sist oppdatert

Medan regnet høljar ned i Kiev, driv dei og kranglar i Moskva. Stridsspørsmålet er kor mange deltakarar det eigenleg var i fredsmarsjen mot krigen i Ukraina. Marsjen gjekk sist sundag, 21. september. Organisatorane seier at det var nær hundre tusen i toget, medan «Kreml-kommentatorane» hevdar at det var toppen tretti tusen, helst mindre.

Det er vanskeleg å rekna ut kor mange det var om ein berre ser på fotografi og videoopptak frå demonstrasjonen, men det er no tydeleg at det var svært mange som ville protestera. Dei bar ikkje berre protestplakatar med slagord retta mot Putin, dei hadde òg ukrainske flagg.

Banka demonstranten

Folk i Moskva er sjølvsagt byrge over at dei makta å få gjennomført ein demonstrasjon med så stor oppslutnad. Folk i St. Petersburg, derimot, har ikkje så mykje å vera krye av. Styresmaktene der var tidleg ute med å leggja ned førehandsforbod mot demonstrasjonar, og dei halvtanna tusen som kom for å vera med på den ulovlege demonstrasjonen, vart jaga bort av politikøller. Nokre vart arresterte.

Ein heilt særeigen rekord oppnådde dei i Barnaul i Altaj. Der var det berre ein einaste person som kom for å demonstrera. Han hadde med seg ein plakat der det stod «For fred», men han vart beinast banka opp av nokre sivilkledde personar som tydelegvis var svært så glade i Putin. Slik fekk dei òg målbera at dei var motstandarar av «fred». Med dette vart protesten i Barnaul avslutta.

Roleg i Kiev

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement