JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ubestemt

Våpenkvilesesong og ein president utan slips

Den ikkje så fredelege våpenkvila held fram, presidenten lever, og mellom andre Julia Timosjenko stiller til parlamentsval.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9205
20140926
9205
20140926

Medan regnet høljar ned i Kiev, driv dei og kranglar i Moskva. Stridsspørsmålet er kor mange deltakarar det eigenleg var i fredsmarsjen mot krigen i Ukraina. Marsjen gjekk sist sundag, 21. september. Organisatorane seier at det var nær hundre tusen i toget, medan «Kreml-kommentatorane» hevdar at det var toppen tretti tusen, helst mindre.

Det er vanskeleg å rekna ut kor mange det var om ein berre ser på fotografi og videoopptak frå demonstrasjonen, men det er no tydeleg at det var svært mange som ville protestera. Dei bar ikkje berre protestplakatar med slagord retta mot Putin, dei hadde òg ukrainske flagg.

Banka demonstranten

Folk i Moskva er sjølvsagt byrge over at dei makta å få gjennomført ein demonstrasjon med så stor oppslutnad. Folk i St. Petersburg, derimot, har ikkje så mykje å vera krye av. Styresmaktene der var tidleg ute med å leggja ned førehandsforbod mot demonstrasjonar, og dei halvtanna tusen som kom for å vera med på den ulovlege demonstrasjonen, vart jaga bort av politikøller. Nokre vart arresterte.

Ein heilt særeigen rekord oppnådde dei i Barnaul i Altaj. Der var det berre ein einaste person som kom for å demonstrera. Han hadde med seg ein plakat der det stod «For fred», men han vart beinast banka opp av nokre sivilkledde personar som tydelegvis var svært så glade i Putin. Slik fekk dei òg målbera at dei var motstandarar av «fred». Med dette vart protesten i Barnaul avslutta.

Roleg i Kiev

Protestmøte og demonstrasjonar for fred i Ukraina har det vorte halde i mange land, og sjølvsagt i landet sjølv, Ukraina. I millionbyen Kharkov vart protestmøtet avslutta med slagsmål mellom dei som var for og dei som var mot Europa. Det var berre i Kiev det gjekk roleg føre seg. Her sat folk og venta på eit fjernsynsintervju dei var lova, eit intervju med president Petro Porosjenko.

Det hadde hopa seg opp haugevis med spørsmål til presidenten i tankane til det ukrainske folket. No vona kvar einskild borgar å få høyra svaret på nett sitt spørsmål i dette intervjuet. Presidenten viste seg på fjernsynsskjermane i skjorte, men utan slips, og med ruskete hår. Han var sant å seia praktisk tala innom mest alle dei tema som kunne ha interesse i Ukraina. Men prinsipielt sett og i praksis lova han mest ikkje noko som helst nytt.

Så det mest positive med fjernsynsintervjuet var at folk fekk høve til å få stadfesta at den ukrainske presidenten var både sprell levande og oppegåande, han var menneskeleg, roleg og rasjonell, nesten «heimsleg», for han snakka ofte oppstykka og lågmælt, slik gamle kjenningar eller slektningar sit og drøser ved middagsbordet.

Lokal republikk

Fredsmarsjane er avslutta, og våpenkvila i Donbass held offisielt fram, jamvel om òg andre ting held fram, som artilleriduellar, skyting med maskinpistolar og åtak på bunkerane til ukrainske militære. Det er ingen som har peiling på kor mange væpna separatistgrupper det er som herjar i Donbass, eller kor mange atamanar (kosakkhovdingar) og kommandantar desse gruppene har.

I småbyen Stakhanov til dømes har dei sin eigen «sjølvstendige republikk». Kommandanten der, Pavel Dremov, har kunngjort at han ikkje godtek noka form for våpenkvile med Kiev, og at han og krigarane hans i næraste framtid har planar om å hærta grannebyane Lisitsjansk og Severodonetsk. Dei er no under Kiev-kontroll

Eigenleg har heller ikkje leiarane i to meir kjende «folkerepublikkar», Lugansk og Donetsk, nokon særlege planar om å retta seg etter dei dokumenta som er underskrivne. Deira representantar har underteikna våpenkvileavtalen med Kiev. Det skjedde i Minsk. Frå tid til anna kjem dei ut og seier at dei ikkje er ein avtale om våpenkvile dei har underteikna, men eit dokument som seier at Kiev godtek å gje sjølvstende til desse republikkane.

Men i Kiev har dei på si side faktisk utarbeidd og gjort ferdig eit anna, og langt meir interessant dokument. Det er «Lov om særskilt status for nokre regionar i Donbass». Her er det tale om territorium som er kontrollerte av separatistane og den russiske armeen. Berre det at denne lova vart vedteken, provar at Ukraina er reie til å innsjå at desse territoria ikkje lenger kan vera under ukrainsk jurisdiksjon for ei viss tid, mogelegvis òg jamvel for lang tid.

Økonomisk uvisse

Om ein ser på det som står skrive i lovtekstene, skjønar ein at desse territoria ikkje kjem til å få finansiering frå det ukrainske statsbudsjettet, ikkje før dei vender om og atter kjem inn under jurisdiksjon og kontroll frå Kiev. Og dette medfører at vinteren i dei okkuperte territoria kan verta mykje hardare enn i den ukrainske hovudstaden. Der held dei òg på med å førebu seg på oppvarmingsproblema som vil koma.

Til desse områda vil det ikkje koma pengar frå statsbudsjettet, korkje til pensjonar, løner til offentleg tilsette eller til helsetenester for folket. Ingen veit korleis pensjonistane som er att i desse områda skal kunna greia å overleva. Vil Kreml ta på seg å ikkje berre finansiera separatistane, men i tillegg òg dei sivile, og all infrastruktur i byar og bygder i det hærtekne Donbass? For å vera ærleg så tvilar eg sterkt på det.

Det vert vel heller slik at Kreml kan bruka denne ukrainske lova ikkje så mykje til å rettferdiggjera nye «humanitære konvoiar» som til å tileigna seg, annektera, deler av Donbass. Mogelegvis kan det òg tena som grunnlag for å iverksetja nye militæroperasjonar mot Ukraina, men no under påskot av å gje sosialt vern til folk som har hamna i den sona der det for ikkje så lenge sidan var krigshandlingar.

Buffersone

Ifylgje Minskavtalen med separatistane skal det opprettast ei buffersone på 30 kilometer mellom dei ukrainske styrkane og dei pro-russiske krigarane. Titals landsbyar og tettstader kjem til å liggja inne i denne sona. Kven er det som formelt skal ha kontroll over folka der? Kjem dei til å få pensjonar og løner? I røynda er det ikkje anna enn berre nye og nye spørsmål som dukkar opp etter som dagane no går.

Og ukrainske styrkar har i den tida denne ikkje så fredelege våpenkvila har vara, drege seg attende frå visse distrikt i Donbass, men òg vore opptekne med å byggja og forsterka forsvarspunkt. Med dette har dei vist at ukrainske styresmakter no har sett seg føre å stengja ute dei territoria separatistane har okkupert frå resten av Ukraina. Sidan nye forsvarsverk allereie vert bygde, er det høgst tvilsamt om den ukrainske armeen på ny vil vera viljug til å dra seg attende nye 15 eller 30 kilometer for å oppretta ei slik buffersone! Langs heile den nye indre grenselina kjem det til å verta utplassert militære styrkar. Dei har i minsto heile vinteren framføre seg, og heile denne tida må dei stå budde med våpen i hand for å forsvara det fredelege Ukraina frå separatistane.

Timosjenko på val

Samstundes med at Ukraina legg til rette for å få lagt denne nye og lange forsvarslina på plass, bur landet seg på parlamentsval. Det skal haldast mot slutten av oktober månad. Mellom dei som denne gongen er kandidatar til ein plass i det framtidige parlamentet, finn ein mange militære kommandantar frå dei friviljuge bataljonane, og mange journalistar.

Julija Timosjenko, som den siste tida lenge har vore svært så tagal, stiller òg til val. Ho har allereie fått gjort kjent at hennar parti kjem til å vera i opposisjon til den sitjande presidenten. Partiet «Høgre sektor» går òg til val. Her finn ein òg mange heimkomne friviljuge frå krigen som ikkje er avslutta. I den siste tida har aktivistar frå «Høgre sektor» aktivt gått inn i den politiske kampen i ulike byar, men denne kampen fører dei på eit heller uvanleg vis.

Radikale tankar

I Odessa har aktivistar frå «Høgre sektor» vore sysselsette med å arrestera narkohandlarar «på vegner av borgarane», og på same tid med å forfylgja byråkratar og politikarar som er skulda for korrupsjon. Medlemene av «Høgre sektor» tek hand om slike byråkratar og politikarar, og kastar dei i store søppelkontainarar som står på gata. Dette til ålmenn kunnskap for folket.

Vitalij Zjuravskij er noverande medlem av parlamentet, og det er ikkje fåe gonger han har vorte skulda for å vera korrupt. Det er ikkje så lenge sidan han òg hamna i ein søppelkontainar rett utanfor Parlamentet. Gjennomsnittsveljaren har sans for ein slik kamp mot korrupsjonen. Difor vert «Høgre sektor» på ny eit stendig meir populært parti. Men endå meir veks populariteten til Oleg Ljasjka og hans Radikale parti – eit reint populistisk prosjekt.

Alt det Julija Timosjenko har sagt i det siste, strøymer òg over av radikale tankar. Det er som om ho skulle delta i ei tevling med dei mest radikale politikarane. Radikalismen er vorten moderne og etterspurd, men førebels berre i orda og for syns skuld. Det er «teatralske aksjonar», som det å kasta folkevalde og byråkratar i bosspann. Dersom dei verkelege radikale får nok røyster i det nye parlamentet, kan den ålmenne politiske atmosfæren i Ukraina koma til å endra seg radikalt, og denne leia fører ikkje fram til noko betre. Og då kjem det til å verta svært så innfløkt for den rolege og sindige presidenten, han Petro Porosjenko, å kontrollera situasjonen.

ANDREJ KURKOV

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis