Utopia, tretti år seinare
Ved ein ombrekkingsfeil fall deler av denne teksten ut i papiravisa. Dag og Tid trykker difor 4. del av Teriberka-serien til Morten Strøksnes frå Kolahalvøya i heilskap her: DEL 4: Hundre år etter Oktoberrevolusjonen har samtidsarkeologar rykt inn i ruinane av Teriberka. Ein skal ikkje gå lenge rundt i Teriberka for å skjønne at det er lenge sidan plassen hadde ei lysande framtid. Mange av bygningane står tomme og forlatne. Seks bygningar i lafta tømmer står med godt mellomrom, to etasjar i lafta tømmer. Dei ser ved første augekast ut til å kunna vera frå 1800-talet, altså pomortida. Men dei blei bygde under Stalin, for å husa rundt 16 familiar kvar. Strukturane, som er bygde av mur og betong, blei sette opp under Khrusjtsjov eller Bresjnev. Dei er slitne, og står på slettene som rustne båtar modne for kondemnering. Men om ein sit på innsida og ser ut, er ein kanskje heime, og ein ser heller ikkje sprekkene i fasaden.
Teriberka ligg på ei for dette landskapet unaturleg stor og flat slette, der elva med same namn som plassen renn ut i Barentshavet, mellom golde fjell og knausar. Der torva er borte, ser ein at alt står på sandgrunn. Dei enorme mengdene med fin, lys sand må ha blitt frakta med elva i løpet av mange tusen av år. Etter siste istid har elvedeltaet heva seg og blitt til tørt land.
I Sahara seier dei at kvart sandkorn har eit nummer, og på mange av desse bygningane, spesielt dei som er av tre, er gule skilt nagla til hjørna. På skilta står det at bygningane om kort tid skal jamnast med jorda.
Kvar sommar, så snart isen på Kvitsjøen smelta, slo pomorar seg ned i Teriberka. Dei dreiv fiske, ikkje minst etter laks. Dei handla med nordmenn, som også hadde sesongbusetnader her frå 1800-talet. Russarane selde mjøl, bastmatter, lerret, lin og andre varer, som dei bytte til seg for salt fisk. Fiskarane frå Finnmark, der havet er isfritt og vinterfisket eventyrleg, hadde mykje betre tilgang til torsk.
Om vintrane var kysten av Kola heilt stengd frå resten av Russland. Før frosten festa grepet, drog pomorane tilbake til Kvitsjøen, medan nordmennene fòr motsett veg, tilbake til Finnmark.
I dag yrer det ikkje av liv midt på sommaren i Teriberka. Få folk er å sjå langs dei rette vegane, i det som no er ein landsby, men som blei bygd som ein småby ut frå sovjetiske prinsipp om byplanlegging: rette gater med sentrale offentlige bygningar i enden. To mannlege pensjonistar, så fint kledde at ein skulle tru dei var på veg til eit bryllaup, kjem ut av ein sliten tømra bustad med gult skilt, og utanfor den vesle butikken leikar nokre barn. Ein fyllik kjem nesten krypande ut av eit lite hus han truleg har okkupert. Dette er den einaste rusa personen eg ser denne dagen, det er vanlege folk i Teriberka. Fylliken går i eitt med terrenget, for i likskap med mange andre menn, er han ikledd kamuflasjeuniform. Militærmoten blant sivilistar skuldast at ein buss full av klede blir frakta frå Murmansk ein gong i veka. Store delar av utvalet kjem frå militære overskotlager.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.