Universitet med to sjikt vitskapleg tilsette

OsloMet står i fare for å utarme norsk språk og fagkultur og byggje ned kompetansen HiOA har hatt.

Publisert Sist oppdatert

Oppunder 20 universitet kringom i verda markerer at dei er storbyuniversitet – men dei skriv «metropolitan» heilt ut, og lagar ikkje ei maniert pa°funn av a° setje stor bokstav midt i namnet, ein heilt unorsk tradisjon.

Diverre har departementet ga°tt imot Spra°kra°det og alle andre som har protestert. Mange vil lett seie seg samde med pedagogikkprofessor Oscar Amundsen, som i Aftenposten 16. januar skreiv: «Navnet OsloMet kan leses som et symbol pa° en nærmest drømmeaktig orientering vekk fra det norske samfunnet.»

Namnet skal visstnok o`g sta° for ein ny og unorsk tilsettingspolitikk. Det er vanleg overalt a° krevje doktorgrad for tilsetting ved universiteta. Dermed strevar ein i profesjonsutdanningar, som ma° ha tett band til praksis – lærarutdanning, sjukepleie, fysioterapi, mediefag, jamvel ingeniørfag – med a° balansere teori og praksis gjennom omfattande samarbeid med institusjonane dei nye kandidatane vert utdanna for. Fa° tilsette er ba°de teoretisk og praktisk sterke, sa° det ma° lagast miljø for kombi–?nasjonen, og praksislærarar ma° integrerast i miljøet.

Føresetnaden for dette er gode norskkunnskapar og innsikt i norsk skulesystem, helsevesen og andre institusjonar og verksemder studentane skal verke i. Men dette er ikkje naudsynt, meiner rektor Curt Rice. Rice meiner engelsk er godt nok som tilsettingskrav, ikkje norsk eller eit anna skandinavisk spra°k, slik som no er vanleg.

Rett nok meiner han at det i visse fag skal vere ein overgangsfase der den nytilsette lærer seg norsk. Problemet er berre at i alle samanhengar der ein er avhengig av tett samarbeid og prosjekt rundt arbeidet til studentane i praksis, treng ein norskkunnskapar – ogsa° langt utover norskfaget. Og i dette har den tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus vore ein føregangsinstitusjon som mange andre søkjer inspirasjon hos pa° grunn av framsta°ande arbeid med integrering av praksis i utdanninga.

Doktorgrad, professorkompetanse og internasjonalisering skal altsa° vere viktigare enn at undervisar og student forsta°r kvarandre, og at undervisaren skal rettleie i samtalar med pasientar for diagnosar og anna. Det er ikkje stor hjelp i a° gjere unnatak for faget norsk; gjeldande fagplanar og rammeplanar krev lesing, skriving og munnleg aktivitet i alle skulefag. Alle lærarlærarar ma° vere gode i norsk. Dugleik i morsma°lsfaget til elevane ma° altsa° reknast som naudsynt. Om alle utlendingar er gode nok i engelsk, er o`g eit spørsma°l.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement