Underminering av pensjonsforliket
Pensjon er keisamt og vanskeleg, men heilt sentralt i den norske velferdsstaten. Difor fekk vi pensjonsforliket. Vi skulle få eit såkalla «robust» alderspensjonssystem som tok høgd for at vi lever stadig lenger i takt med at det vert stadig færre unge for å finansiera pensjonane.
Forliket vart vedteke i 2005 og gradvis innført i åra etterpå. Både SV og Frp var imot. Siv Jensen kalla det i si tid for «et lovfestet ran av fremtidige eldre». Men då fyrst SV og så Frp kom i regjering, skreiv dei båe under på at dei ville akseptera og respektera det nye pensjonssystemet.
Men slik har det ikkje gått. Eit sentralt moment i forliket er at pensjonane skal regulerast opp med 0,75 prosent mindre enn det den generelle lønsveksten er. Vedtaket om denne reguleringspraksisen passerte Stortinget i 2011.
I fjor fekk arbeidsminister Robert Eriksen sterk kritikk for at pensjonsoppgjeret førde til negativ kjøpekraftutvikling for pensjonistar, dette av di inflasjonen vart relativt høg då krona vart svekt i takt med fallet i oljeprisen, og av di vi fekk eit ansvarleg lønsoppgjer. Mange lønstakargrupper fekk faktisk ein reallønsnedgang, det same vil skje i år. Inflasjonen vert for mange høgre enn lønsoppgangen.
For å unngå den same kritikken som i fjor vedtok stortingsfleirtalet å løyva pengane til pensjonsforhøginga i år alt i 2015 for på den måten å sleppa å leggja saka fram for Stortinget i vår. No møter Frp på nytt kritikk for underregulering. Både Ap, SV og Pensjonistforbundet kritiserer i Aftenposten regjeringa kraftig for den nye prosedyren.
Men det er ikkje det verkelege problemet, problemet er at Stortinget både i pensjonistoppgjeret i fjor og i løyvinga til oppgjeret i år vedtok at minstepensjonistane skulle få eit særtillegg som gjer at kjøpekrafta deira aukar både i 2015 og 2016. Det fører til at det vert stadig høgre pensjonar for éi gruppe, minstepensjonistane, og stadig mindre for dei som har betalt inn til pensjonane, dei som har stått lenge i arbeid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.