Saka om flypassasjeravgifta, Rygge og Ryanair syner politikkens vesen på eit lågmål, der vikarierande motiv styrer mykje av kva partia måtte meina om saka. For det fyrste var oppstarten uheldig. Innføring av flypassasjeravgifta kom ikkje som eit resultat av ein langsiktig prosess der motiva var miljøpolitisk og målet var å få til ein naudsynt og viktig nedgang i flytrafikken. For avgifta kom som eit kompromiss heilt på tampen for å få fleirtal for statsbudsjettet.
Dermed svekte regjeringa grunngjevinga for ei potensielt viktig avgift fordi ho ikkje var forankra i ein heilskapleg politikk. Avgifta er eit nytt døme på einskildtiltak på eit område der det krevst heilskaplege løysingar.
Dessutan er avgifta for låg om ho skal ha ein reell innverknad på klimamålet. 80 kroner fører ikkje nokon stad. Avgifta vil rett nok ha større effekt innanlands enn utanlands, men skal avgifta på utanlandsreiser ha noko for seg, må ho vera mykje høgare. Ei ekstra avgift på 80 kroner for ei flyreise til Thailand er ingenting. Kvar slår så klimaeffekten inn? 500 kroner? 750? Tyskland har innført ei avgift på 400 kroner på langdistanserutene.
Surret rundt denne saka har svekt sjansane for å få til ei avgiftsordning der ein verkeleg får gjort noko med den store flytrafikken. For det er nok fleirtal i Stortinget for ei vesentleg høgare flypassasjeravgift.
Men diverre har frontane skift plass. Arbeidarpartiet, som kunne vore for ei avgift, for dei gjekk i fjor inn for å greia ut ei flyseteavgift inspirert av den tyske ordninga, argumenterer likevel mot i denne saka. Støtta opp av Senterpartiet som synest å spela politisk mynt på saka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.