Ugreie parlamentariske situasjonar
To moglege scenario for korleis Trine Skei Grande kan enda som kunnskapsminister.
Etter valet har den grøne Trine Skei Grande og den gule Knut Arild Hareide fortalt eventyr og svara «økseskaft» på alle spørsmål om kva som skjer i stolleiken om taburettane. Den forblinda har leia den halte i jakta på ei blå-grøn regjering.
Det har vore komisk, men det er urettvist å le av det, for det er fullt mogleg å laga scenario som gjer Gande og Hareide til statsrådar i denne stortingsperioden. Det er uklart kven som ønsker det, men usannsynleg er det ikkje. Bladstyraren minner meir enn gjerne om Willoch-regjeringas oppstode, utviding, pine og fall.
ETTER AT NOKRE
mothakar er dekte til og slipte ned i statsbudsjettet, kan Trine Skei Grande bli kunnskapsminister saman med polariseringsminister Listhaug i Solbergs mindretalsregjering. Då får lånte Høgre-røyster og rike onklar noko att for innsatsen. Det er i så fall norsk rekord i kamelsluking og ville stadfesta at ein kan vera så regjeringskåt og hardhuda at det er muleg å stå oppreist utan politisk ryggrad. Men ein kan jo argumentera med at det er lettare å dempa Frp og oljeborarane i enn utanfor regjering. Og så slepp Sveinung Rotevatn å melda seg hos Nav.
Då kunne KrF etter kvart følgja i Venstres fotefar. Det er lettare å fordøya kamelane når andre har børsta dei slik at dei kan slukast medhårs. Det er artig å sitja i vippeposisjon, men dersom dei som sit i den andre enden er mykje tyngre, hamnar ein i lause lufta og kan ramla av og skada seg for livet. Då er det tryggare å fordela vekta betre mellom bestevenner.
Ei slik fleirtalsregjering ville ha streva, men kunne kanskje ha overlevd til neste val.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.