Ufine medium

Publisert Sist oppdatert

Mange av dei store media har dei siste vekene nærast drive ein kampanje mot to statsrådar i den nye regjeringa: Sylvi Listhaug og Solveig Horne. Dei har gått i «selvsving» som det heiter i Danmark.

Og kommentatorar har fylgt opp. Til dømes professor Frank Aarebrot som lét seg sitera i Dagbladet på at «Hvis vi får en homohater som likestillingsminister, får regjeringa et problem.»

Ein vert sitjande att med eit inntrykk av at Horne har tvilsame synspunkt på homofile og kven som har ansvar for ei valdtekt eller ikkje, og at Listhaug ikkje er heilt til å lita på. Men Kaj Skagen kunne sist veke i Dag og Tid syna at Solveigs Hornes ytringar om homofili og valdtekt var tekne heilt ut av samanheng.

Sylvi Listhaug vert køyrd i media av di ho ikkje har offentleggjort kven ho har hatt som kundar i First House. Det beste hadde sjølvsagt vore at ho offentleggjorde listene, noko ho sjølv òg har bede rådgjevingsselskapet First House om å få lov til.

Men selskapet vil ikkje offentleggjera listene. Om ho då likevel offentleggjer listene, kan ho koma til å bryta teieplikta i forvaltningslova. Det er alvorleg for ein statsråd. No vert det spanande å sjå kva Sivilombodsmannen seier i denne saka.

Det Listhaug har gjort, er å overlevera kundelista til departementet sitt slik at dei kan sikra at ho til kvar tid er habil og ikkje kan mistenkjast for å ta vare på interessene til tidlegare klientar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement