Tvilsam biodiesel
Stortinget har kravt at minst 5,5 prosent av dieselen i Noreg skal vera biodiesel. Skal det verta god miljøpolitikk, bør ein vera svært varsam med kvar ein hentar råvarene frå, syner ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI).
Stortinget har alt teke ei avgjerd om at minst 5,5 prosent av drivstoffet til norsk vegtrafikk vera såkalla biodrivstoff. Slik har det vore sidan oktober i fjor. Samstundes vart avgifta på biodiesel fjerna, og partiet Venstre jubla. «Dette var ein av dei største klimasigrane for Venstre i budsjettet og avgjerande for at me no får fart på det grøne skiftet og mindre utslepp i transportsektoren», sa leiaren av energi–?og miljøkomiteen på Stortinget, Ola Elvestuen (V), til NRK den gongen.
Frederic Hauge i Bellona var samd i at det var ei svært god utvikling å fjerna avgifta: «I dag er me svært glade for å kunna setja ein strek over denne saka som har hatt store skadeverknader for nye miljø–?og teknologiprosjekt i Noreg. Me talar her om fem tapte år», sa han.
Ironisk nok var Miljøpartiet Dei Grøne skeptiske: «Årsaka til det er den store mengda biomasse som trengst. Biomasse er òg ein avgrensa ressurs», sa Rasmus Hansson (MDG). Likevel var han glad for at avgifta vart fjerna. «Dette er eit ljospunkt i miljøpolitikken til regjeringa og vil vera viktig for mellom anna tungtransport og fly, som vil vera mest krevjande å gjera utsleppsfrie», la han til.
Tidlegare i år kom det eit framlegg på Stortinget om å auka delen av biodiesel til 7 prosent.
Transport står for om lag ein tredjedel av dei norske utsleppa av klimagass. Men er biodrivstoff den beste måten å få ned utsleppa på? –?Nei, biodiesel er eit nisjeprodukt og inga løysing, seier Christian Weber. I ein ny rapport har Weber og Astrid H. Amundsen, som er forskarar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), sett på korleis fornyeleg diesel verkar inn på klimarekneskapen.
Konklusjonen deira er at fornyeleg diesel i verste fall kan koma til å gje store negative konsekvensar for klima, lokalmiljø og biologisk mangfald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.