Tru mot eigen tvil

Vi skulle laga eit intervju om 60-åringen Walid al-Kubaisi. Så vart han alvorleg sjuk, og samtalane vart brått alvorstunge.

Publisert Sist oppdatert

–?Sjukdomen påverkar meg ikkje mentalt. Eg tenkjer ikkje på døden, og eg er ikkje redd for døden.

Walid al-Kubaisi sit på kontoret mitt og talar roleg. I det siste har vi hatt mange korte intervjusamtalar på 20–30 minuttar. Om alt mogeleg. Utgangspunktet var at Walid vert 60 år denne månaden. Men no er Walid alvorleg sjuk, han har kreft med spreiing, så samtalane våre har vorte prekære og alvorstunge.

I 15 år har han hatt kontor hjå Dag og Tid. Lika og elska av alle i huset, venleg som han er. Det blir ein vegg som fell ut i bladstova om han skulle falla frå. Poeten, forfattaren, debattanten, filmmakaren og religionskritikaren Walid al-Kubaisi.

– Walid, eg vonar du har hatt eit godt liv i Noreg?

–?Eg er verdas heldigaste flyktning, seier Walid kontant.

Det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå slik. «Du kjem til å lida på reisa di. Livet i dei framande landa kjem til å verta hardt. Inna Laqina min saferina hatha nasaba.» Det var mora som las opp desse orda frå Koranen den kvelden i 1981 då Walid reiste frå barndomsheimen og Bagdad og flykta inn i Syria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement