Tilfellet Ukraina

Publisert Sist oppdatert

Dei nye statane som oppstod etter Sovjetunionens fall, er tydelege døme på kor vanskeleg det er å få til eit godt styresett i eit land. Den som trur at demokrati, velferdsstat og respekt for menneskerettar er lett å få til, må tru om att.

Sjå berre på dei tre landa som grensar opp til EU i vest – Kviterussland, Moldova og Ukraina. Kviterussland er utan pressefridom og med store brot på menneskerettane. Moldova er ikkje stort betre. Og i Ukraina har vi alle sett korleis det står til.

Kva særmerkjer dei landa som har fått det til? Nokre land hadde ei historisk-demokratisk åre å spela på – som Tsjekkia, til ein viss grad Italia – og Tyskland med Weimar-republikken. Nokre fekk massiv hjelp utanfrå – som Sør-Korea og Vest-Tyskland igjen gjennom Marshall-hjelpa. Andre har fått hjelp av EU – som Spania og fleire av dei austeuropeiske landa.

Nokre vart styrde av andre land i ein overgangs­periode – som Japan av USA. I tillegg var Japan utan etniske konfliktar og hadde økonomisk framgang frå dag éin. Og andre att hadde autoritative leiarar som stod fram og tok eit avgjerande moralsk ansvar – som Nelson Mandela i Sør-Afrika.

På alle desse punkta kjem Ukraina dårleg ut. I tillegg har landet teke over Polens vanskelege geopolitiske plassering – og er dessutan økonomisk avhengig av Russland – eit Russland som heng fast i kald-krig-retorikken og tanken om kontroll over nærområda. Dess­utan har Ukraina språklege og kulturelle spenningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement