Jens Stoltenberg skriv om Libya-krigen i den siste boka si. Spanande. Kanskje han kjem sjølvkritikk? For vi veit jo alle kor gale det har gått i Libya.
Diverre kjem det lite sjølvkritikk. Snarare er Stoltenberg offensiv og påstår at FN-mandatet vart innfridd. For dei hadde jo hindra Gaddafis overgrep mot sivilbefolkninga. Han legg til at dei ikkje hadde mandat til å styrta Gaddafi, men at det berre var ein konsekvens av bombinga FN hadde gjeve dei lov til. Altså, regimeskiftet var aldri målet.
Men her talar han mot betre vitande. Krigen utarta seg til noko heilt anna enn det han vart tiltenkt i starten. Det var mange som var for ei flyforbodssone, inklusive Dag og Tid på leiarplass. Men flyforbodssona var berre tenkt å hindra Gaddafi å bomba eiga sivilbefolkning i Benghazi. Ikkje noko anna.
Men Nato og Noreg kom i praksis til å verta flyvåpenet til opprørarane, og bombene rydda vegen for dei framover mot hovudstaden Tripoli heilt til Gaddafi vart fanga og drepen. Kvifor fekk vi denne «mission creep» – målsetjingsendringa undervegs?
Stoltenberg drøftar ikkje dette, men endar opp med nokre tankar om at nokon gonger er våpenmakt naudsynt, og at det ikkje finst nokon enkle svar.
Det britiske Underhuset er derimot tydelegare. Dei har granska det britiske engasjementet i Libya-krigen. Rapporten som kom tidlegare denne månaden, er tydeleg og sterk: Vedtaket om intervensjonen «var ikkje basert på god nok etterretning». Trugsmålet mot sivilbefolkninga «vart overdrive», og det vart «underrapportert at opprørarane inkluderte eit monaleg innslag av islamistar». Og at det som var meint som ein avgrensa aksjon utvikla seg til ein «opportunist politikk for regimeendring».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.