Striden om norskfaget

Debatten om innhaldet i norskfaget går vidare. To av innlegga finn du her:

Publisert Sist oppdatert

Utskiljing og deltaking i norskfaget

Stavanger ”Ingen institusjonar har så vanskeleg for å lære av eiga erfaring, som læringsinstitusjonar”. Så sa den verdskjende vitskapsteoretikaren Thomas Kuhn. Den beiske erkjenninga til Kuhn kan ein kjenne att i åtaka på dei siste tjue års arbeid for å snu norskfaget i skulen frå å vere skiljande til å verte inkluderande.

Jørgen Sejersted diktar ein teori om at PISA gjev meir isolasjon for den einskilde. PISA vart utskjelt for å avsløre problem, og vert atter utskjelt når betre dugleikar syner seg. PISA kan og må kritiserast, men ein har fått eit betre grep no enn tidlegare om den relative verdien av kva PISA opplyser. Dessutan har vi fleire andre undersøkingar som kompletterer biletet av lese–?og skrivekompetansen til norske elevar i overgangen ungdomsskule/vidaregåande skule (sjå http://www.uv.uio.no/ils/forskning/prosjekt-sider/pisa/; http://lesesenteret.uis.no/leseopplaering/lesing-i-grunnskolen/; http://www.skrivesenteret.no/ressurser/normprosjektet/). Ikkje ein gong Sejersted kan ha fantasi nok til å avvise fleire andre undersøkingar av høg kvalitet som synte og syner tilsvarande tendensar. Nasjonale prøver vil no dei fleste rekne som nyttige. Eg har ytra meg ofte, også her i avisa, med skepsis mot testregime. Myten om at litteraturen er ute or skulen, vert ikkje sannare om Sejersted meiner eg og andre svik myten hans.

Kunnskapsløftet kom etter ei jamt aukande mengd solide granskingar som synte aukande skilnader mellom jenter og gutar i alle trinn, jamt aukande problem for minoritetsgrupper, og ikkje minst, ei aukande hjelpeløyse i å delta språkleg i vanlege aktivitetar. Overveldande prov synte seg på at morsmålsfaget fungerte segregerande.

Især er det nære, familiære språket i kvardagen til hinder for sosial integrering. Prioriteringa av forteljande litteratur og opplevingsestetikk var snarare tvangstrøye enn frigjering for mange svake elevar, som vart innestengde i primærverda si. For undervisarane var det lettast å godta mangel på formalkunnskapar, så som omgreps–?og systemforståing, og dermed stadfeste sjølvforståinga til dei svake som utestengde frå ei større verd enn krinsinga kring sitt eige. Sterke elevar byggjer i staden eit fagleg orientert språk dei kan diskutere prinsipielt i, tek dermed i bruk teksttilfanget i kulturen og gjer seg til aktive analytikarar med krav på sjølvstende. Dette skiljet er no lett gjenkjenneleg også på universiteta. ”Vern-om-kulturarven”-perspektivet oppfattar eleven som ei bøtte som skal fyllast. Det hjelper ikkje ungdommar til å utvikle språkbruken sin. Literacy er eit søkjelys på kulturberande tekstar og tekstbruk, festa i tradisjonar frå stoisk prega retorikk og hermeneutikk, i dei systematiske litterære analysane av tradisjonen for reform som syner seg i vesterlandsk litteratur (til dømes Auerbach, Curtius), i tilskotet frå klassisk filologi til forståinga av demokrativilkår, i kultursosiologiske studiar av deltaking og utestenging, i sosialantropologiske analysar av institusjonsliv, i musikologi, mentalitetshistorie, lingvistikk, teologi, pedagogikk – og fleire hjelpevitskapar for forståing av sosialt og personleg liv.

Å utnemne syndebukkar, frå literacy til nynorsk til den digitale revolusjonen, hjelper fint lite. Akademikarar har lita orsaking for tøvprat. At der er forvirrande element i biletet, er sikkert. Forlaga held, av kommersielle omsyn, konservativt krampaktig fast på kanon frå R-94 og L-97 i lærebøker og tilhøyrande ressurssider på nettet – med endå fleire tekstar enn tidlegare. Utvala vert stuttare og meir meiningslause enn nokon gong. Leseverka er smaksprøver, norskfagets Sparkjøp-katalog. Men skjønnlitteraturen har framleis overveldande prioritet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement