Same kva ein måtte meina om den førre regjeringa: Noko av det viktigaste som skjedde i 2013, er at Stor-tinget har kome tilbake etter åtte år i skuggedalen. No skjer det atter reelle forhandlingar på Stortinget. Johan Sverdrups programfråsegn «All makt i denne sal» har ikkje akkurat vore treffande dei siste åtte åra.
I finanspolitikken har Stortinget dei siste åtte åra fått presentert ferdige statsbudsjett til votering. Den raudgrøne regjeringa lét Stortinget berre påverka små-peng-ar og avgjorde på kammerset kor mykje pengar Stortinget skulle få plussa på statsbudsjettet.
Eitt år var det berre tale om 100 millionar som Stor-tinget kunne flytta på – av over 1 billion kroner. Det er 0,1 promille av heile budsjettet. Då er stortingsalen ein lite attraktiv tilhaldsstad for ein som ynskjer å få gjort noko.
Problemet med ei mindretalsregjering er sjølvsagt at ein kan enda opp med «stortingsregjereri» der Stor-tinget løyver pengar til populære tiltak utan å ta omsyn til heilskapen, og der ansvarstilhøvet mellom storting og regjering vert utydeleg. Men i Noreg har vi stort sett hatt gode røynsler med mindretalsparlamentarisme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.